Kommunedeling vil koste 60 millioner

Kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund blei 1. januar 2020 slått saman til det som no er Ålesund kommune. Haram blei tvangssamanslått, og den nye regjeringa har opna for at slike kommunar kan bli sjølvstendige igjen.

Publisert Sist oppdatert

Ei gruppe innbyggarar i Haram har bedt om ei folkeavstemming om dette. Ålesund kommunestyre har bestemt at dei som bur i tidlegare Haram kommune skal ha ei rådgivande folkeavstemming 3. mars, før kommunestyret gjer endeleg vedtak 17. mars.
Kommunen engasjerte konsulentselskapet BDO til å lage ei utgreiing om konsekvensane av ei mogleg kommunedeling.

Kva blir konsekvensane av ei kommunedeling?

Siste kommunedeling i Noreg var i 1977. Ingen av kommunane som blei
tvangsamanslått med verknad frå 2020 har så langt vedtatt å søke om oppløysing.
Dermed er det lite samanlikningsgrunnlag og erfaringar å dra nytte av.

Konsulentselskapet BDO si konsekvensutgreiing om Haram og det som vil stå igjen
av Ålesund baserer seg på følgande: Økonomiske analysar, dokument, og intervju
med leiarar i kommunen, tillitsvalde, folkevalde og representantar frå næringslivet.
BDO si samla vurdering er at det vil vere ein betydeleg risiko knytt til å skilje Haram
frå dagens Ålesund kommune. Nedanfor er eit utdrag frå deira rapport.

Utvikling av regionen

Regionbygging handlar om å realisere gevinstar og synergiar på tvers av kommunegrenser, og mindre merksemd på dette vil etter BDO si vurdering vere negativt for regionen som heilskap, ikkje berre for Ålesund og Haram.

Økonomi

Ålesund kommune er i ein alvorleg økonomisk situasjon. Det må gjerast betydelege  reduksjonar i driftsrammene for tenesteområda for å unngå ROBEK og samtidig bygge ein solid kommuneøkonomi. ROBEK er eit register med kommunar som har stor økonomisk ubalanse og derfor blir sett under statleg styring der dei må få godkjent budsjett og låneopptak.

Ei utskiljing av Haram vil ikkje gjere behovet for reduksjonar mindre. Det vil heller tilføre risiko for at effektiviseringsgevinstane ikkje kan hentast ut som planlagt og at det blir vanskelegare å redusere kostnader, særleg for Haram kommune.

Kostnadene knytt til å skilje ut Haram kommune vil vere betydelege og er estimert til eit intervall mellom 60 og 70 millionar kroner.

Dersom staten dekker kostnadane for gjennomføringa, vil det likevel vere svært ressurskrevjande for kommunen. Ei rekke sentrale leiarar og medarbeidarar vil få ei betydeleg arbeidsbelastning og bruke mykje tid på ein ny prosess og tilrettelegging for ein eventuell ny kommune. Denne ressursbruken er ikkje råd å talfeste. Dette er tids- og ressursbruk som alternativt kunne vore brukt til tenesteutvikling, betra styring og leiing.

BDO sine utrekningar tyder på at det sannsynlegvis ikkje vil bli gode økonomiske kår i ein nyetablert Haram kommune. Netto driftsrammer i ein ny Haram kommune vil vere betydeleg lågare enn dei var i den tidlegare kommunen.

Dette trass i at eigedomsskatt no er tatt med i kalkylene for økonomien i Haram, i motsetnad til det som var tilfelle i 2019.

Det er særleg interesse knytt til Haram kommune sin finansformue per 31. desember 2019 og korleis den skal delast. Finansformuen må handterast på same måte som andre eigedelar, gjeld og eigenkapital, og overførast til Haram kommune ved ei kommunedeling.
Kommunens ubundne investeringsfond kan brukes til investeringer eller nedbetaling av gjeld, alternativt kan avkastningen på finansformuen brukes til kommunal drift.

BDO har vidareført føresetnadane om vedtekne netto avsetningar i gjeldande økonomiplan og fordelt avsetningane slik dette var i 2019.

Tenester og utøving av mynde

Det er uklart i kva grad alle tenester kan vidareførast som i dag med tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse. Konsekvensane for tenester avheng i stor grad av dei økonomiske rammene dei to framtidige kommunane vil måtte driftast under.

Dagens kapasitet og kompetanse på tvers av kommunalområde og tenester blir framstilt generelt som god, men sårbar for ei rekke funksjonar. Legetenesta er eit døme.
Dersom dei mindre robuste fagmiljøa blir splitta opp og fordelte på to kommunar vil dei bli endå meir sårbare, for eksempel knytt til «turn over» og fråvær.

Det er derfor ein risiko for at ei deling kan påverke dei to kommunane si evne til god myndeutøving, forvalting og tenesteproduksjon dersom dei kvar for seg ikkje klarer å halde oppe kompetanse på eit breitt spekter av fagområde.

Når det gjeld stadbundne tenester (til dømes skular, barnehagar og institusjonar) er BDO si samla vurdering at desse i mindre grad vil påverkast av ei eventuell kommunedeling.
I dei formelle prosessane ligg mellom anna reservasjonsrett: Arbeidstakar kan motsette seg at arbeidsforholdet blir overført til ny arbeidsgivar. Det er ein betydeleg risiko for at tilsette kan nytte seg av reservasjonsrett ved ei utskiljing av Haram.

For Haram sin del er det ein potensiell konsekvens at kommunen vil stå utan nødvendig kapasitet og kompetanse for å vareta oppgåver og mynde som ein generalistkommune. Bruk av reservasjonsretten vil òg kunne føre til overtalige i Ålesund kommune.
I fleire år har det vore store endringar og ekstra oppgåver i høve kommunesamanslåinga, korona og den pågåande omorganiseringa. Dette har gjort at tilsette er trøytte av endringar og mindre motiverte til nok ei omstilling til ein ny organisasjon.

Kommunen sine sentrale stabar er redusert med om lag 50 årsverk, slik at det no er mindre kapasitet til å legge til rette for god styring parallelt med ein delingsprosess. Dette kan gjere organisasjonen ekstra utsett og fører til ytterlegare auka risiko i prosjektarbeidet fram mot ei eventuell deling.

Samfunnsutvikling og lokaldemokrati

Ei utskiljing vil kunne ha ein positiv effekt på lokaldemokratiet i Haram, ved at innbyggarane kjem tettare på både folkevalde og politiske problemstillingar. Dette må likevel vegast opp mot potensielle ulemper som habilitetsutfordringar og tette koplingar mellom dei som tar avgjerder i lokalsamfunnet.

Næringslivet er først og fremst opptatt av gode rammevilkår, uavhengig av kommunegrenser. Ved ei eventuell utskiljing vil begge kommunane måtte jobbe saman for å sikre gode og forføreseielege rammevilkår.

Mykje av det gode samarbeidet mellom næringsliv og kommunen i det som blir kalla Haram-modellen, har blitt vidareført i nye Ålesund kommune. Når det gjeld samarbeid mellom øyane peikar fleire på at utskiljing av Haram vil avskjere Sandøy frå resten av Ålesund kommune. Det vil danne ein eksklave der Sandøy har ein annan kommune mellom seg sjølv og resterande Ålesund kommune

Heile rapporten og informasjon om prosessen finn du på nettsidaalesund.kommune.no/kommunedeling

Powered by Labrador CMS