Suløen skal bestå I 2020 bestemte Einar seg for å gi seg i Ytre Suløens Jass-Ensemble. For resten av orkesteret var det ein venta, men hard beskjed å få. No skal den tredje generasjonen av Suløen passe på at Suløen-sounden lev vidare. For som Einar sjøl seier, Suløen skal bestå.
Æresborgarar av New Orleans Gjennom sine reiser til sørstatane i USA utvikla Ytre Suløens Jass-Ensemble eit spesielt forhold til New Orleans. Då Katrina traff i 2005 var det vanskeleg å sitte heime i Noreg. Aller verst var det sjølvsagt for Tricia. Familia hennar var igjen i USA, og ho hugsar å tenke at om mora hennar ikkje blei funne i livet skulle ho aldri vende tilbake.
Ein ny generasjon musikara Etter eit eventyrleg 90-tal, var det klart for nye musikarar. Allereie på tidleg 2000-tal fekk Ytre Suløens Jass-Ensemble sitt fyrste faste kvinnelege medlem.
Den spesielle sulø-sounden Etter kaffepausa på slutten av 80-talet var Ottar og Einar klar for å mobilisere ei ny besetning. Og på 90-talet kunne orkesteret med det rare namnet feire 20-årsjubileum med den samme suløen sounden som alltid.
Ei litt for lang kaffepause I fleire år hadde Ytre Suløens Jass-Ensemble fått leve draumen utan problem. I alle fall nesten. Men mot slutten av 80-talet såg det ut som at alt skulle ta slutt. Fleire av besetninga bestemte seg for å satse på andre prosjekt, og igjen sat kun Einar Aarø og Ottar Anderson.
Draumen om Amerika Ytre Suløen Jass-Ensemble blei oppdaga etter ein konsert i Molde. Her vart dei invitert til å spele på den verdskjende festivalen New Orleans Jazz and Heritage Festival. Ein draum som gjekk i oppfyllelse.
Eventyret Suløen I 1973 starta eit eventyr. Fem unge menn samla seg i stua til Einar Aarø for å spele musikk, og her blei Ytre Suløen Jass-Ensemble født. Dei spelte etter LP-plater, og drøymde om å halde konsert på den lokale jazz-kafeen. Lite visste dei den gongen kor langt eventyret skulle ta dei.