Ålesund og Sørsida invitert til å delta i EU-finansiert prosjekt
Ålesund kommune skal kutte klimagassutslippa med 60% innen 2030.I prosjektet Re-Value skal Ålesund gjennom Sørsida, saman med åtte andre europeiske hamnebyar, teste og dele korleis urbanekvalitetar skapar verdi, og bidreg til klimanøytralitet. EU ønsker å finansiere prosjektet med heile 120 millionar kroner.– Her i Ålesund skal Sørsida vise veg for inkluderande og klimavennleg samfunnsplanlegging. For pilene peiker i feil retning, vi slepp framleis ut for mykje klimagass og utfordringane knytta til utanforskap aukar. Vi må gjere nye grep og planlegge på nye måtar, seier Malin Piegsa, kommunalsjef for samfunn i Ålesund kommune i ei pressemelding.Prosjektet i Ålesund er utvikla av NTNU i samarbeid med Sørsida Utvikling, Ålesund kommune, Ålesundregionens havnevesen, AugmentCity, Teateret vårt og Ungt Entreprenørskap. Til saman skal 26 partnarar bidra i aktivitetane i dei ni byane: Ålesund, Bruges, Burgas, Rimini, Cascais, Constanta, Izmir, Písek, og Rijeka. Planlagt oppstart for prosjektet er desember 2022, etter forhandlingar med EU.
Aktivitetane og arbeidet blir finansiert av prosjektet og har ein direkte verdi på ca 20 millonar kroner. I tillegg vil prosjektet gje verdiskaping både gjennom kunnskapsutvikling, næringsutvikling og omdømebygging.
–Dei neste 4 årene skal det skapast aktivitetar som skal bidra til å redusere klimagassutslippa, samtidig som vi utviklar attraktive og inkluderande lokalsamfunn. I dette prosjektet får vi pengar for å bruke Sørsida til innovativ byplanlegging og utvikling, seier Kirsti Slotsvik, dagleg leiar i Sørsida Utvikling AS.