Åtte nye smittetilfelle i Ålesund

Ålesund kommune fekk seint torsdag kveld meldt fem nye smittetilfelle. I dag fredag har vi fått meldt tre nye smittetilfelle som alle er nærkontakter og har vore i karantene. Totalt åtte nye smittetilfelle i kommunen.

Publisert Sist oppdatert

Dette er tilfella kommunen fekk seint torsdag kveld:

  • To personar relatert til smitteutbrot på Haramsøya har testa positivt. Dei var begge i karantene. Dette medfører at elevar og lærarar ved Haramsøy skule kjem i karantene. Elevar på dei andre trinna og ein del fritidsaktivitetar kan gå ut av ventekarantene. Det vert etablert testtilbod ved Haramsøy skule fredag ettermiddag. Dette vert annonsert lokalt via skulen.
  • To personar som har relasjon til kjent utbrot relatert til Restaurant Anno har testa positivt. Fleire av dei som no har testa positivt har også besøkt Tollboden laurdag 17. april om kvelden. Det er sendt ut SMS til gjestar som har registrert seg med QR kode. Andre som har vore på Tollboden laurdag og ikkje registrert seg, vert oppfordra til å følge med på symptom og teste seg. Ein bør vere i karantene inntil negativ test.
  • Ein person har fått påvist smitte med koronavirus. Nærkontaktar er sett i karantene og smittesporing er i gang. Vedkomande er student ved NTNU og har vore på Tollboden søndag 18. april og Family Sports Club Sentrum tysdag 20. april. Personar som har vore til stades ved desse stadene og som er registrert, har blitt kontakta direkte eller på SMS.

Tre nye tilfelle fredag

  Alle tre er relatert til utbrotet ved Restaurant Anno. Ein av dei smitta har arbeidd i bustad for psykisk utviklingshemma. Smittesporing og karantenesetting vart starta før positiv test vart stadfesta, fortel kommuneoverlege Olav Mestad i en pressemelding

Det er mistanke om smitte hos ein tilsett ved Spjelkavik omsorgssenter. Vedkomande vart i går definert som nærkontakt og har utvikla symptom. Svar på test foreligg ikkje enda.

– Det vart i går kveld sett i verk tiltak ved omsorgssenteret med karantenesetting og testing av pasientar og personale. Det er innført midlertidig besøksstans ved avdelingane i 2. etg ved omsorgssenteret. Dei fleste pasientar og tilsette er vaksinert.

Vil auke kapasiteten på teststasjonen ved behov

Det er i dag stor pågang på teststasjonen. Kommunen vil auke kapasiteten etter behov. Mestad presiserar at innbyggarar som har vore på Restaurant Anno 17. april, Tollboden, 17. og  18. april og Family Sports Club Sentrum tysdag 20. april bør teste seg. I tillegg bør alle med symptom teste seg.

– Dei som er i karantene bør reise i eigen bil eller gå til teststasjonen. Tilbodet med smittetaxi vert forsterka i dag og etter behov.  Dei som ikkje er i smittekarantene, men er oppfordra til å teste seg, kan reise kollektivt med avstand og munnbind så sant ein ikkje har symptom, avsluttar kommuneoverlegen.

Powered by Labrador CMS