Første apotek ut i kommunen til å sette koronavaksine

Frå tysdag 11. januar kan du som innbyggar over 16 år ta koronavaksinen ved Boots apotek Haram i Brattvåg. Du må bestille time på førehand.

Publisert Sist oppdatert

Apoteket er klar for å vere første apotek ut med koronavaksinering i kommunen.

– Vi håper at tilbodet blir godt tatt i mot og at det vil gjere det enkelt for innbyggarane innbyggarane i Brattvåg og omegn eit betre og nærare vaksinetilbod, fortel styrar ved Boots apotek Haram, Rita Seljenes Helle i ei pressemelding.

I lag med vaksineansvarleg frå kommunen, Anne Berte Hareide, minner Seljenes Helle begge at du som vil ha vaksine ved apoteket må bestille time. Timane vert lagt ut regelmessig i eiga påmeldingslenke på kommunen sin nettside.

Meld deg på vaksinering hos Boots apotek Haram: https://helseboka.app/b/s/3720304

Meir om tilbodet, drop-in og viktig informasjon om vaksine finn du på alesund.kommune.no/koronavaksine

Powered by Labrador CMS