Går over til nasjonale råd og reglar
Ålesund kommune opphever lokal forskrift og går saman med resten av landet over til nasjonale råd og reglar frå midnatt natt til torsdag 9. desember.Bakgrunnen for dette er å unngå forvirring om kva reglar som gjeld i kommunen.
– Vi har hatt god effekt av vår lokale forskrift – men frå midnatt går vi over til at det kun er dei nasjonale retningslinjene som gjeld i Ålesund kommune, seier ordførar i Ålesund Eva Vinje Aurdal, i ei pressemeling.
I motsetnad til den nasjonale trenden, er smittetala i Ålesund på veg ned. Det er venta auka smitte ved spreiing av Omikronviruset.
– Ålesund er med på den nasjonale dugnaden og riggar oss no for det nye viruset som vi veit kjem, seier ho.
Ho oppfordrar alle til å følge dei nasjonale råd og reglane og å vaksinere seg:
– Det er tungt både for enkeltpersonar og bransjar å ta denne belastninga, men jo meir vi står saman om dette, jo raskare er det håp om at vi kan gå tilbake til ein normal kvardag.
Digitalt kommunestyre
I lys av dei nasjonale råda, veljer Ålesund kommune at kommunestyret som skal haldast i morgon 10. desember, blir halde på Teams. Prisutdelingane som skulle vere på møtet, blir utsett til det er mogleg å gjennomføre møtet fysisk. Teamsmøtet startar klokka 14.00.
– Det er viktig for oss å kunne gjere skikkeleg stas på prisvinnarane. Det er det vanskeleg å gjere digitalt, og vi håper at dei vil kunne kome å motta dei fullt fortente prisane på eit seinare tidspunkt, avsluttar ordføraren.