No startar barnevaksineringa i Ålesund

Ålesund kommune tilbyr no barnevaksine (eigen vaksine frå Comirnaty Pfizer/BioNTech) for personar frå fylte 5 år til 11 år. Foreldre og føresette kan melde sine barn til vaksine via påmeldingslink på Ålesund kommune sine heimesider.

Publisert Sist oppdatert

Samtykkeskjema frå begge føresette/foreldre må vere med til vaksineringstimen.

Det må bestillast time til barnevaksinering, det er  ikkje drop in- tilbod for dette.

Du kan bestille time og finne samtykkeskjema på Ålesund kommunes heimeside under Koronavaksine.

Du kan bestille time til barnevaksinering på desse stadane:.

Frå veke 5: Color Line Stadion

Frå veke 6: Gomerhuset Skodje

07.02.22: Harøy Skule

09.02.22: Haramsøy ungdomsskule

Powered by Labrador CMS