Påbod om bruk av munnbind i Ålesund
Måndag 23. august har kommunane Ålesund og Sula innført ei ny lokal forskrift. Frå midnatt er det no påbod om bruk av munnbind der ein ikkje kan halde minst 1 meter avstand. Rådet om berre å samle 10 personar på besøk heime står framleis.
Dei siste vekene har smittetala i Ålesund vore høge med opp mot 80 smittetilfelle på ei veke. Dette er dei høgaste smittetala under pandemien og det har utfordra smittesporingskapasiteten, opplyser Ålesund kommune.
–Vi har heldigvis ein gjeng med fantastiske smittesporarar som kastar seg rundt nær sagt til alle døgnets tider og gjer alt dei kan for å få oversikt, isolere smitta og varsle om karantene for nærkontaktar. Dei gjer ein utruleg god og viktig jobb og vi bed alle om å bidra slik at arbeidet deira vert lettare, seier kommuneoverlege Olav Mestad.
Den noverande smittebølga kom midt i fellesferien og sist veke har kommunane klart å oppskalere kapasiteten for testing og smittesporing. Kommunen ser at smitta først og fremst er hos unge vaksne, barn og unge. Nokre få middelaldrande vert også smitta, men mange av dei er fullvaksinerte.
-Smitta er knytt til private festar, utelivet, enkelte bedrifter og arbeidsfellesskap, og til innreise. Når smitta først kjem inn i ein familie eller tett sosial relasjon, vert ein stor del smitta, særleg om ein ikkje følger smittevernreglane. Oppfordringa er derfor som før: Følg smittevernreglane. Det har vore og er det viktigaste, seier varaordførar Vebjørn Krogsæter.
I lys av den aukande smitta i kommunen, vert det no innført ei lokal forskrift:
Påbod om munnbind
Ålesund kommune innfører påbod om bruk av munnbind der ein ikkje kan halde minst 1 meter avstand. Vi oppmodar alle tilsette i serveringsbransjen om å bruke munnbind.
Auka krav ved besøk på serveringsstader
Ålesund kommune vil intensivere smittekontrollar på serveringsstader. I tillegg er det påbod om desse desse tiltaka i forskrifta:
-
- Skjenkestadar, restauranter, kafeer og kantiner skal kreve at gjestar legitimerer og registrerer seg. Gjestar som ikkje registrerer seg, skal avvisast.
- Smittevernet skal ivaretakast, gjestar som ikkje bur saman skal halde minst 1 meter avstand.
- Gjestar og tilsette skal bruke munnbind/ansiktsmaske når dei beveger seg i lokalet og det er fare for at avstandskravet på ein meter ikkje kan overhaldast.
Grønt nivå i skolane
Tiltaksnivået i skole og barnehage er framleis på grønt nivå. Men vi kan på kort varsel innføre gult nivå enten på enkeltskolar eller generelt i skolen/barnehagen dersom smittesituasjonen tilseier det.
I tillegg til forskrifta, gjeld desse råda:
Besøk i heimen:
Maks 10 personar på besøk heime og private sosiale lag, unntak for vaksinerte.
-
- Reduser tal på nærkontaktar.
- Heimekontor der det er mogeleg og ein er avhengig av kollektivtrafikk.
Oppmoding til alle!
-Test deg. Alle med symptom, har vore ute og reist eller vore ein situasjon med risiko smitte må teste seg. Har du symptom og er vaksinert må du også halde deg heime og teste deg, seier kommuneoverlege Olav Mestad.
Kven gjeld forskrifta for?
Forskrifta gjeld alle som oppheld seg i Ålesund og Sula kommune. Den trer i kraft kl. 24.00 23. august og gjeld fram til og gjeld fram til 6. september kl. 24.00.
Førebels forskrift om tiltak for å førebygge koronasmitte (Covid-19) i Ålesund kommune i Møre og Romsdal
Heimel: Fastsett av kriseleiinga i Ålesund kommune med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer (smittevernloven)§ 4-1 i samsvar med krisefullmakt frå Ålesund kommunestyre til kriseleiinga i sak57/19.
- 1. Formål
Formålet med forskrifta er å hindre eller avgrense spreiing av SARS CoV-2 i ein periode med sterk auke i smittetal og spreiing av mutant virusvariant i lokalsamfunnet.
- 2. Virkeområde
Forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Ålesund kommune.
- 3. Forhold til anna lovverk
Reguleringa i dette vedtaket kjem i tillegg til dei reguleringar som følge av lov, nasjonale forskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte. Ved motstrid mellom denne forskrift og nasjonalt regelverk, går forskrifta framfor fråvikelege reglar i lov og nasjonal forskrift.
- 4. Krav til smittevernfaglig forsvarleg drift ved serveringsstader
Serveringsstader, som restaurant, kafe, bar og pub, og utestader, som diskotek, nattklubb og andre stader der gjestar skal innta mat eller drikke på staden skal det leggast til rette slik at gjestar kan følgje smittevernråd. Det skal vere minst ein meter mellom gjestar som ikkje er fra same husstand og det skal vere lett tilgjengeleg handdesinfeksjonsmiddel i lokalet.
Desse stadene skal krevje at gjestar legitimerer seg. Gjestar som ikkje legitimerer seg, skal avvisast.
Desse stadene skal føre oversikt over gjestar. Namn og telefonnummer skal registrerast saman med tidspunkt og dato for besøket. Gjestar skal informerast om at det blir ført ei slik oversikt. Lista skal oppbevarast i tråd med krav til personvern, og skal slettast etter fjorten dagar.
Kontaktopplysningane skal berre brukast for å bistå kommunen ved ei eventuell seinare smitteoppsporing etter smittevernloven § 3-6. Liste over gjestar skal på førespurnad frå smittevernkontoret bli oversendt i tekstformat, anten i ODF eller OOXML-format, i tråd med forskrift om IT-standardar i offentleg forvaltning.
Gjestar og tilsette skal bruke munnbind/ansiktsmaske når dei beveger seg i lokalet og det er fare for at kravet om ein meter avstand ikkje kan gjennomførast. Kravet gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsakar ikkje kan bruke munnbind.
- 5. Plikt til å bruke munnbind
Når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmar, skal det brukast munnbind i butikkar, i fellesareal på kjøpesenter, på serveringsstader, i trus- og livssynshus, på kollektivtransport og innandørs stasjonsområde, og i lokale for kultur-, sports- og fritidsaktivitetar.
Passasjerar skal bruke munnbind i taxi. Munnbindet skal takast på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikt til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien.
Plikta til å bruke munnbind i første ledd gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand frå besøkande. Dette gjeld ikkje tilsette på stader der det er sett i verk andre tiltak mot smitte for dei tilsette som bruk av visir, skiljeveggar o.l. i samsvar med Folkehelseinstituttets tilrådingar.
Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsakar ikkje kan bruke munnbind.
- 6. Ansvar
Ålesund kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagde tiltak.
- 7. Straff
Forsetteleg eller grovt aktlaus brot på reglane i denne forskrifta, straffast med bøter eller fengsel inntil 6 månader jf. smittevernloven § 8-1.
- 8. Ikraftsetjing
Forskrifta trer i kraft 23.08.21 kl. 24.00, og gjeld fram til 06.09.21 kl. 24.00.