Skal åpne flytande badstue i Ålesund
Flytande badstuer har poppa fram rundt om i landet dei siste åra, og har allereie rukke å bli svært populære. Og no kjem det til Ålesund.
Ideen til Svai Sauna kom til då Mathias og Benjamin Tvedten var på ferie i Oslo for to år sidan, og besøkte eit liknande konsept i Oslofjorden. Dei bestemte seg for at det var eit tilbod som dei ville ha tilgjengeleg i Ålesund. Då dei hørte at andre snakka om same ide, heiv dei seg rundt å byrja planlegginga for fullt.
I fjor kom dei til finala i Næringsteft der dei opplevde stor positivitet rundt ideen. Det var rett og slett eit feel good konsept.
– Vi vurderte ei stund å bestille ferdigbygd frå Sverige, men bestemte oss for at vi ville satse lokalt.
Sjølve badstua er bygd av Vik Ørsta Marina, og alt kjem frå Møre og Romsdal for å støtte lokalt næringsliv.
Svai Sauna skal ankrast utanfor Thon Hotell i Moloveien, men hotellgjestane har ingen forkjørsrett på bookingar. Bookingsystemet vil fungere slik at ein bookar tid på nettsida, får ei kode og kan låse seg inn sjølv.
Då vil allereie omnen ver varm. Tvedten seier dei er i dialog med smittevernlegen om korleis ein skal sikre hygiene mellom kvart besøk, og skal ha på plass ein plan i god tid før åpning.
Badstua er planlagt levert i mai, medan Tvedten håpar dei får åpne i juni. Frå åpninga vil det kun ver mogleg å booke seg inn saman med eigen kohort, men Tvedten seier at ein etter korona og vil kunne tilby drop-in når det er ledig. Dei ser og på moglegheitene for sesongkort på sikt. Badstua skal haldast åpen heile året gjennom.