Slik blir 17. mai i Ålesund, Sula og Giske

Nasjonaldagen blir markert så verdig og breitt som mogleg ut i frå dei smittevernreglene som gjeld. I kommunen vår er det viktig å hugse den lokale forskrifta.

Publisert Sist oppdatert

17.mai-tog, annonserte taler, leiker, kransenedleggingar og liknende er omfattet av reglane om arrangement i covid-19-forskriften.

-Det betyr at slike arrangement som fører til folkeansamlingar eller tiltrekker seg personar frå ulike kommunar, må avlysast. Vi oppfordrer generelt til å gjennomføre markeringar utandørs eller digitalt, seier kommuneoverlege Olav Mestad i ei pressemelding.

I Ålesund, Sula og Giske kan likevel korps og kor som normalt øver saman framføre musikk eller marsjere i gatene utan at det vert annonsert på førehånd, slik at ein unngår at mange møter opp.

Dette er dei lokale råda og reglane som gjeld:

  • Hald minst ein meter avstand til andre. Hald hendene reine, og hald deg heime viss du er sjuk.
  • Avgrens sosial kontakt og møt heller andre utandørs enn innandørs. Planlegg gjerne ein tur i lag med familie eller nokre vener
  • Ikkje ha besøk av fleire enn fem gjester. Dersom alle gjestene tilhøyrer same husstand, kan de vere fleire, men man ein må kunne halde avstand.
  • Barn i barnehage og barneskoler kan ha besøk frå eigen kohort. Barn og unge kan ha besøk av ein til to faste vener.
  • Alle arrangement både utandørs og innandørs vert avlyst.
  • Det er unntak for samling og seremoniar i livssynsrom med inntil 20 personar til stades
  • Digitale arrangement med maksimalt fem personar til stades, i tillegg til utøvarar og anna nødvendig produksjonspersonell kan gjennomførast.
  • Kafèar og restaurantar kan halde åpent. Ein må følge smittevernreglane. Det er ikkje tillatt å servere alkohol.
  • Utanom i private heimar kan ein på private sammenkomstar samle maksimalt ti personar i lokale som er open for allmennheten, til dømes kafe eller restaurant.
Powered by Labrador CMS