Smitterekord i Ålesund

Ålesund kommune fekk søndag 15. august meldt 20 stadfesta smittetilfelle. Dette er det høgaste smittetalet på eitt døgn under pandemien.

Publisert Sist oppdatert
  • Ti av dei var definerte nærkontaktar som var i karantene.
  • Seks testa positivt etter ny testrunde i bedrift som har vore ramma av smitteutbrot. Til saman 21 personar er no smitta relatert til dette utbrotet i Ålesund og Giske kommune.
  • To har testa positivt ved innreise.
  • Ein har testa positivt etter reise innanlands.
  • For ein er smittevegen ukjend.

Det er no høge smittetal. Det er framleis mange unge vaksne som vert smitta i samband med sosiale lag. Mange venter lenge med å teste seg og i mellomtida har smitten fått spreie seg. Det er i tillegg ein del smitte relatert til gjestearbeidarar som tidlegare i pandemien, seier kommuneoverlege Olav Mestad i ei pressemelding.

Om smittetala i Ålesund

Ein betydeleg andel av dei smitta er vaksinert med anten 1 eller 2 doser. Dei er ikkje pålagd karantene.  Smittesporingsarbeidet er stadig krevjande.

-Vi oppmodar no alle på det sterkaste om å redusere tal på nærkontaktar, vere heime og teste seg ved symptom og om å bruke munnbind når ein ikkje kan halde 1 meter. Dess meir smitte det er i samfunnet, dess større effekt har bruk av munnbind. Alle over 18 år som ikkje har fått 1. vaksinedose, må no melde seg for vaksinasjon, seier kommuneoverlege Mestad.

Powered by Labrador CMS