Meninger • Christian Lilleng & Annika Brandal
Bustaddraumen blir stadig fjernare
Venstre mener for få nye boliger er hovedårsaken til prisveksten og vil ha raskere bygging og flere rimelige boliger.
Du leser nå et leserinnlegg som uttrykker skribentens mening.
For den som eig bustad, er stigande bustadprisar ofte gode nyheiter. Men for den som prøver å kjøpe sin første bustad, er det det motsette.
Stege med 14 prosent
I Ålesund har bustadprisane stige med heile 14 prosent så langt i år. Berre i mai steig prisane med to prosent. Eigedomsmeklarane skildrar marknaden som «heit», særleg i området mellom Ålesund sentrum og Moa. Einebustader med gode tomter blir selde nærast før dei kjem ut på marknaden, samstundes som det blir bygd altfor få nye bustader.
Det er ikkje tilfeldig. Det er resultatet av politiske val.
For få bustadar
For bustadkrisa handlar eigentleg om noko ganske enkelt: Det finst for få bustader. Når tilbodet ikkje held tritt med etterspurnaden, stig prisane. Det er ikkje grådige bustadeigarar som er hovudproblemet. Problemet er at politikken har gjort det for vanskeleg, for dyrt og for tidkrevjande å byggje nok bustader.
Og når kjøpemarknaden blir utilgjengeleg, blir leigemarknaden neste stopp. Også der blir situasjonen stadig tøffare.
Leigeprisane aukar, og Husleie.no peikar på at Ålesund kan oppleve den same Airbnb-effekten som fleire andre byar. Når fleire bustader blir brukte til korttidsutleige, blir det færre att for studentar, lærlingar og unge arbeidstakarar. Konkurransen blir hardare, og husleigene stig. Men heller ikkje her er Airbnb den eigentlege årsaka. Den forsterkar berre eit problem som allereie finst: Vi har bygd for få bustader.
Vil byggje meir
Likevel verkar regjeringa meir oppteken av å diskutere bustadmarknaden enn av å gjere noko med årsakene til problemet.
Venstre meiner løysinga er å byggje meir – ikkje mindre.
Vi må regulere fleire bustadtomter, korte ned planprosessane og fjerne unødvendig byråkrati som gjer bustadbygging dyrare enn nødvendig. Vi treng fleire små og rimelege bustader som vanlege folk har råd til å kjøpe. Vi vil styrkje Husbanken, satse på ordningar som deleige og leige-til-eige og gjere det lettare for førstegongskjøparar å kome seg inn på bustadmarknaden.
Samtidig må kommunane få moglegheit til å regulere omfattande korttidsutleige dersom ho går ut over den ordinære bustadmassen. Bustader skal først og fremst vere heimar.
Så enkelt — og så vanskeleg
For Venstre handlar bustadpolitikk om fridom. Fridom til å flytte heimanfrå. Fridom til å takke ja til ein jobb. Fridom til å etablere familie. Fridom til å bli buande i lokalsamfunnet der du ønskjer å leve livet ditt. I dag blir denne fridomen stadig meir avhengig av om foreldra dine kan hjelpe deg inn på bustadmarknaden. Slik bør vi ikkje ha det.
Vi kjem ikkje ut av bustadkrisa ved å straffe dei som eig bustad. Vi kjem heller ikkje ut av henne ved å snakke om marknaden som om han lever sitt eige liv. Vi kjem ut av bustadkrisa ved å byggje fleire bustader.
Så enkelt – og så vanskeleg – er det.
Difor treng Noreg ei ny bustadpolitikk. Ei liberal bustadpolitikk som gjer det enklare å byggje, enklare å kjøpe og enklare å skape seg eit heim. Det er den vegen Venstre ønskjer å gå.