Meninger
Ulykkesfritt, viktigare enn ferjefritt!
Antall hardt skadde og drepte i trafikken aukar kraftig, vi har ingen å miste derfor må alle midler settes inn på å prioritere utbedring og vegbygging av farlige vegstrekningar med høg trafikk og med mange ulykker.
Midler til samferdsel vil ganske så åpenbart bli sett under press av forsvaret sitt store økonomiske behov i tiår framover. Derfor vil prioriteringane framover mot ny NTP bli viktigare enn på lenge, og må ikkje for Møre og Romsdal bli søla vekk gjennom gammaldags fokus på overordna satsing, i lag med til dømes Vestland.
Ulykkesfritt er faktisk det viktigaste no, ferjer klarer vi oss med vidare i lang tid, berre vi kan ferdast trygt imellom ferjestrekningane, og fokuset på god ferjefrekvens.
Viktigare enn fergefritt
I dag har vi eit av Norges farligaste og mest ulykkesutsatte vegstrekning midt imellom nokre av landets største ferjesamband, E-39 Solevågseidet-Blindheim til Moa til dømes.
På Stortinget har vi alle parti gjennomført eigen initiativdebatt for trafikksikkerheit, og debattert kva vi kan gjerne i fellesskap for å ta ned antall hardt skadde og drepte i trafikken, dette blir det viktigaste fokuset vidare framover også.
Derfor er ulykkesfritt viktigare enn fergefritt, og midlane her i fylket må dei neste tiåra bli brukt på heilt nødvendige områder der menneskeliv faktisk kan reddast, nokre minutter over fjorden blir relativt underordnet i så måte.
Vi har ingen å miste i trafikken. Sikre og trygge veier er sjølvsagt betydeleg viktigare enn ferjefritt.
Samferdselsministeren har i lag med oss andre innan transport på Stortinget, sett stort fokus på trafikksikkerheit, og dei faglige prioriteringane til Statens vegvesen må følge opp dette.
Eg forventar av Davik i Statens vegvesen at dei neste faglige vurderingane som blir lagt fram for vårt fylke, prioriterer ulykkesfritt framfor ferjefritt, og der Statens vegvesen legger vekk gammaldags prestisje.
Ulykkesfritt er målet
Det kan ikkje finnast tvil om at prioritet nr 1 for vårt fylke i neste NTP, må og skal være E-39 Solevågseidet-Blindheim til Moa, for deretter E-136 Eksportvegen og andre viktige prosjekt med økonomisk realisme.
RV15 Strynefjellet så klart, og både Voldatunellen og E-39 forbi Batnfjorden samt prosjektet på RV70 står klar for realisering.
Fylkesvegane og fylkesvegferjene må også sterkt prioriterast, og kan ikkje sakke akterut i forhold til riksvegane. Alt for mange alvorlige ulykker også med dødsfall skjer på fylkesvegnettet.
Ulykkesfritt er målet, og på vegen for å nå dette må til dømes Møreaksen ikkje berre være historie, men debatten og innlegg ikring dette totalt urealistiske sløseriprosjektet berre kan leggast langt vekk.
Vi har ingen å miste i trafikken. Sikre og trygge veier er sjølvsagt betydeleg viktigare enn ferjefritt.