Ho blir rektor for storskulen
Barbro O. Midtgård er tilsett som rektor når Stranda og Sykkylven vidaregåande skule blir slått saman frå 1. august 2027.
Barbro O. Midtgård, i dag rektor ved Sykkylven vidaregåande skule, er tilsett som rektor for den samanslåtte Stranda og Sykkylven vidaregåande skule.
Samle kompetanse, engasjement og ambisjonar
Midtgård tiltrer stillinga 1. august 2027, same dato som skulane slår seg saman.
– Eg har sterk tru på kva vi kan få til når vi løftar i lag. Ved å samle kompetanse, engasjement og ambisjonar frå begge skulane, skal vi sikre eit robust og inspirerande opplæringstilbod for ungdomane våre, seier Barbro O. Midtgård.
Midtgård er utdanna lektor og har master i skoleleiing frå BI. Ho har vore rektor ved Sykkylven vidaregåande skule sidan 2008 og har lang leiarerfaring frå vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ho har tidlegare vore pedagogisk leiar og avdelingsleiar, noko som gir ho brei erfaring med personalleiing, kvalitetsarbeid og utviklingsprosessar i skole.
Slår saman skulane
Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken er glad for å ha fått på plass ein så sentral brikke i samanslåinga av dei to vidaregåande skolane i Stranda og Sykkylven.
– Eg har stor tillit til Barbro O. Midtgård som rektor for Stranda og Sykkylven vgs. Med ho som leiar skal vi skape éin felles skule med sterke fagmiljø og tydelege tilbod for elevane både i Stranda og Sykkylven, seier Brekken.
Som rektor for den samanslåtte vidaregåande skolen får Midtgård ansvar for å leie arbeidet med å samle Stranda og Sykkylven vidaregåande skule til éin felles organisasjon.
Målet med samanslåinga er å styrke fagmiljøa og sikre at regionen har eit robust og framtidsretta opplæringstilbod.