14 nye personar smitta i Ålesund

Ålesund kommune har fått meldt i dag søndag til saman 14 personar som er smitta med koronavirus.

Publisert Sist oppdatert

• Ni av dei kan relaterast til utbrotet ved Toldboden. To av desse er tilsette ved Toldboden. Smittesporing pågår og er krevjande med mange nærkontaktar.
• To personar har testa positivt i innreisekarantene. Dei er symptomfrie og det er god kontroll.
• To personar har fått usikker positiv test og vert testa på nytt. Dei har ikkje symptom.
• Ein person har testa positivt. Her er det ukjend smittekjelde.

Ber folk som har vore på Dråpe Kaffehus vere oppmerksam på symptom
Svært mange har no vore smitta og det er ein uoversiktleg situasjon i Ålesund, fortel kommuneoverlege Olav Mestad.

– Ein tilsett ved kafeen Dråpe Ålesund Kaffehus har testa positivt. Personen har vore på arbeid 20. april mellom klokka 11.00 til 17.00 og 21. april mellom klokka 16.00 til 23.00. Dei som har registrert seg med QR kode får SMS. Andre som har vore kundar ved Dråpe i dei aktuelle tidsromma ber vi no om å vere oppmerksam på symptom og teste seg. Eventuelle husstandsmedlemmer er ikkje definert i ventekarantene.

Ein lærar ved Flisnes skole er smitta
– Klasse 4A og 4C ved skolen og fleire lærarar er i karantene. Husstandsmedlemmer til både lærarar og elever skal i ventekarantene. Flisnes skole held stengd måndag 26. april. Skolen arrangerer digitalt møte for lærarar og foreldre/føresette i løpet av måndag. Leirskoleopphald for 7. klasse må dessverre avlysast, på grunn av den usikre situasjonen, avsluttar Mestad.

Powered by Labrador CMS