aktuelt
Bli med på sommarens sprekaste eventyr
Stikk UT! står framfor ein ny og innhaldsrik sommarsesong, og i år kan turglade deltakarar velje mellom heile 650 turmål spreidd over heile Møre og Romsdal fylke, og Heim kommune.
– 1. mai brakar det laust. Med Stikk UT! er det enkelt å kome seg ut på tur og få mange fine naturopplevingar, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som er Stikk UT!-ansvarlege i fylket.
Kart til alle Turmåla denne sommaren finn ein i Stikk UT!-kartet, på stikkut.no og i Stikk UT!-appen. Kartet er sendt ut til alle husstandar i fylket. I tillegg får ein kart på servicekontora i kommunane, slik at den som eventuelt ikkje har fått det i postkassa kan hente det der.
20 prosent av turmåla er nye
– Kartet er friluftsråda sin invitasjon til alle om å delta på Stikk UT!. Vi har erfart at det er ei viktig inspirasjonskjelde til både nærturar og til å oppleve nye turmål, uttalar Ellingsæter i ei pressemelding.
Om lag 20 prosent av turmåla denne sesongen er nye, noko som gir gode moglegheiter til å utforske nye stiar og område.
Stikk UT! er kjent for gode turskildringar og god merking av turruter. Dette gjer det enkelt å finne fram til nye turmål, sjølv utan lokalkunnskap.
– Hugs å lese turskildringa før du startar, det gir eit betre utgangspunkt for turen, seier Ellingsæter.
Vis turvett
Friluftsråda er opptekne av at alle som skal på tur tek omsyn til natur, grunneigarar, dyr, fuglar og alle ein møter.
– På baksida av Stikk UT!-kartet finn ein Stikk UT!-vettreglane. Følg dei så blir det kjekkare for alle. Og til alle hundeeigarar, hald hunden i band så den ikkje skremmer fuglar eller gjer skade på beitedyr. Og hugs å ta med hundebæsjeposen heim, oppmodar Ellingsæter.
Stor innsats av frivillege
I desse dagar er fleire hundre frivillege ute med kodelappar og merkar turmåla som er med i sommarsesongen.
– Dei frivillege er heilt avgjerande for at vi skal klare å gjennomføre Stikk UT! i den skala vi gjer, så ei stor takk til dei, seier Ellingsæter. Friluftsråda rettar også ei takk til kommunane, som saman med dei frivillege vel ut turmål og ordnar det praktiske kring turmålet, og til alle velvillege grunneigarar.
Les også:
Stikk UT! som eigenberedskap
2026 er Totalforsvarsåret, med auka merksemd på beredskap og eigenberedskap i samfunnet. Erfaring viser at friske og aktive innbyggjarar er betre rusta til å møte kriser. Eigenberedskap handlar om å kunne klare seg sjølv i ein periode, ta vare på kvarandre og kjenne nærmiljøet sitt.
Gjennom Stikk UT! blir dette styrkt kvar dag. Turane bidreg til å gjere folk friskare og meir robuste, det gir overskot og meistring, og styrkar den mentale helsa. Stikk UT! er difor ei form for enkel beredskap.
– Sommarsesongen varer heilt til 31. oktober. Då er det berre å ønske alle ein riktig god tursommar, avsluttar Ellingsæter.