Desse blir prosjektleiarar for kommunedeling
Dei nye prosjektleiarane for kommunedeling er klare. Petter Sortevik er prosjektleiar for oppretting av Haram 2024, og Regine Bruteig er prosjektleiar for Ålesund 2024.
Ein er inne i rekrutteringsløp for ny kommunedirektør/prosjektleiar for Haram kommune. Rekrutteringsutvalet vil truleg fatte ei avgjerd innan utgangen av 23. september. For å sikre framdrift i eit stramt tidsløp vil Petter Sortevik vere prosjektleiar for Haram 2024. Petter har vore konstituert avdelingsleiar for arbeidsgivaravdelinga, HR, i Ålesund kommune. Han var og ansvarleg for seksjon for personal- og organisasjonsutvikling i tidlegare Haram kommune, opplyser kommuen i ei pressemelding.
Regine Bruteig er tilsett som prosjektleiar for Ålesund 2024. Ho er frå før tilsett i kommunen som rådgivar i vatn og avløp. Begge prosjektleiarane rapporterer direkte til kommunedirektøren.
-Eg er veldig glad for at begge prosjektleiarane har takka ja til å bidra i arbeidet med kommunedelinga. Det er viktig at vi har nok ressursar til for å holde oppe framdrifta. Det blir ein krevjande prosess, og det er viktig at vi har flinke folk med på laget, seier kommunedirektør Jon Steven Hasseldal.

I tillegg er det oppretta delprosjekt som har eigne prosjektleiarar, desse er:
- HR Roar Reiten
- Økonomi Lars Fylling
- IKT Helge Veum
- Politisk sekretariat Dagrun Lorgen Jensen
- Avtalar/samarbeid Kariann Bigset