Over 4500 smitta forrige uke

Det er totalt 4550 bekrefta smittetilfelle i Ålesund for veke 7. Ein auke i tal registrerte smitta på 24 prosent sidan førre rapporteringsveke (3571). Mørketala er større ein nokon gong etter endringar i testoppmodingar, der verken barn (21 prosent av befolkninga) eller asymptomatiske testar seg.

Publisert Sist oppdatert

Smittetilfelle fordelt på aldersgrupper:

0-5 år:                 271 personer
6-12 år:               646 personer
13-19 år:             625 personer
20-40 år:             1672 personer
41-64 år:             1181 personer
65+ år:                 155 personer

Utbrot

  • Helse- og omsorgsinstitusjonar: Utbrot ved Aspøy omsorgssenter

Vaksinar

51 % av innbyggarane i kommunen har fått 3. dose.

Desse har fått 3. dose som oppfriskningsdose:

  • 53,6 % av alle i aldersgruppa 40 – 44 år
  • 69,9 % av alle i aldersgruppa 45 – 54 år
  • 82,0 % av alle i aldersgruppa 55 – 64 år
  • 95,0 % av alle i aldersgruppa 65 – 74 år
  • 95,0 % av alle i aldersgruppa 75 – 84 år
  • 87,9 % av alle i aldersgruppa over 85 år
  • Helsepersonell: Personell ved legevakt, sjukeheim og legekontor

Smittesituasjon og pågåande aktivitet

Auken i tilfelle i den vaksne befolkninga er på ca. 60 prosent. Sidan stadig færre barn testar seg etter dei nye reglane, er stigninga i den vaksne befolkninga eit meir realistisk bilde på totalen den siste veka enn dei nemnde 24%.

Førre veke var stigninga 85%. Ei stipulert stigning på ca. 60% denne veka blir då lesen uansett som teikn på at stigninga avtar. Tala veks likevel framleis (4550 mot 3571 frå veke 6 til veke 7) og smittetoppen ligg framleis føre oss. Registrerte smitta per 100 000 siste 14 dagar er i Ålesund 6237, mot nasjonalt 4504.

Helseføretaket har no 23 innlagde. På landsbasis har dette talet vorte dobla siste månaden, frå 224 til 442.

Alle vaksne med nyoppståtte symptom blir anbefalt å teste seg. Husk å melde inn positiv test på kommunen sine sider: Positiv hurtigtest eller PCR-test? – Ålesund kommune (alesund.kommune.no)

Alle vaksne med positiv test blir anbefalt å halde seg heime og i isolasjon i 4 dagar fram til ein er frisk og har vore feberfri i minst eitt døgn. Barn med symptom bør òg vere heime til dei er friske og feberfri i minst 24 timar, før dei går tilbake til skule/barnehage. Dei treng ikkje teste seg

Powered by Labrador CMS