aktuelt
Drop media element here ...
Program: 17.mai på Valderøy
Her er programmet for nasjonaldagen på Valderøy, med flaggheising, tog, folkefest og festkonsert.
08:00 – Flaggheising
12:00 – Gudsteneste i Valderøy kyrkje
12:45 – Togoppstilling ved Valderøy barneskule
13:00 – Togavgang. Ruta går frå Valderøy barneskule, forbi kyrkja og ned Løkevegen om Trollhaugen, stoppar ved Giske omsorgssenter og ved kyrkjegarden. Etter kranspålegging går toget vidare til barneskulen.
Informasjon om toget
Oppstilling kl. 12:45 v/Valderøy barneskule Avmarsj kl. 13:00
Rekkefølgen
- Flaggborg ved Valder fotball G14
- 1.–3. trinn Valderøy barneskule
- Vigra og Valderøy skulekorps
- 4.–7. trinn Valderøy barneskule
- Daggry barnehage
- Myra barnehage
- Skjong barnehage
- Nordstrand barnehage
- Sætra barnehage
- Valderøy ungdomsskule
- Indremisjonen
- IL Valder
- Folketoget
Om ruta
- Toget går frå Valderøy barneskule, forbi kyrkja og ned Løkevegen og vidare om Trollhaugen.
- Toget stoppar ved Giske omsorgssenter der heile toget syng «Ja vi elsker» medan korpset speler.
- Toget går til kyrkjegarden der 1.–4. trinn går direkte til skulen, medan resten av toget stoppar ved kyrkjegarden.
- Tale og kranspålegging.
- Allsong: «Fagert er landet» og «Ja vi elsker».
- Etter kranspålegging går toget vidare tilbake til skulen.
Vidare program
14:00 – Folkefest ved Valderøy barneskule.
Leikar og «Katta i sekken».
Sal av kaker, kaffi, pølser, is, brus m.m.
Allergivennleg utsal innerst i kantineområdet.
15:30 – Festkonsert i gymsalen.
Tale for dagen er ved ordførar Kenneth Langvatn.
Elevar frå 6. trinn og dansarar frå Giske kulturskule har innslag.