Søstrene Benedicte(18) og Victoria(12) døde etter lynnedslag
Det var den 18 år gamle Benedicte Myrset og den 12 gamle søstra Victoria Myrset frå Oslo som omkom då dei vart råka av eit lynnedslag på fjellet Melshornet i Hareid søndag ettermiddag.
Møre og Romsdal politidistrikt frigir no namna på dei to omkomne i samråd med dei pårørande.
Det var tre søstre i turfølgjet som vart råka av lynnedslaget. Den tredje vart skadd og er innlagt ved Haukeland universitetssykehus. Oppdatert informasjon om skadetilstanden er ikkje tilgjengeleg.