Meninger • Trude Vasstrand

iPad: Pest eller kolera?

Trude Johnsen Vasstrand

Ålesund kommune har bestemt at iPad skal vere det sentrale arbeidsverktøyet for elevane i grunnskulen. Er avgjerda gjort med gode intensjonar om digital kompetanse, eller kan det heile kokast ned til kommuneøkonomi? Uansett har valet fleire uheldige konsekvensar for brukarane.

Publisert

Teknologi åleine skaper ikkje læring. Vi veit frå både forsking og erfaring at papirbøker og handskrift framleis har viktige kvalitetar. Lesing på papir gir ofte betre djupnelesing og forståing enn lesing på skjerm, og handskrift aktiverer læringsprosessar som tastaturet ikkje kan erstatte

I tillegg kan det sjå ut til at skuleeigarar over heile landet har oversett ein vesentleg detalj: Ein iPad er eit nettbrett, ikkje ein fullverdig arbeidsstasjon. Den har langt mindre arbeidsflate enn ei vanleg datamaskin.

For mange elevar betyr det meir skrolling, fleire skjermskifte og dårleg oversikt over eigen tekst. For ikkje å snakke om dei ergonomiske arbeidsforholda. Det heiter seg at storleiken ikkje har noko å seie, men når ein tenåring i vekstalderen brekk ryggen over eit tastatur i fyrstikkeskeformat, er det nettopp den det kjem an på.

Teknologien skal vere eit hjelpemiddel, ikkje eit hinder

Ålesundsskulane nyttar i stor grad Microsoft Windows som operativsystem med tilhøyrande arbeidsplattformer. iPad er basert på Apple sitt iOS-system. Kommunen har funne ei særs original løysing ved å stappe to konkurrerande system inn i same maskin. Ved å gå til anskaffing av arbeidsverktøy frå Apple og køyre Microsoft-programvare på plattforma, slost utfordringane om plassen.

Funksjonalitet, filbehandling og språkstøtte fungerer ikkje optimalt fordi programma blir brukte utanfor rammene dei er utvikla for. Microsoft sjølv opplyser at enkelte funksjonar i Office-programma er avgrensa på mobile einingar samanlikna med tradisjonelle datamaskiner. Nok ein grunn til å stille spørsmål ved valet av iPad.

Slik det er no, riv lærarar og elevar seg i håret og kastar bort dyrebar tid som skulle vore brukt på læring, til å løyse tekniske utfordringar, finne dokument, handtere innstillingar og arbeide rundt avgrensingar i programvara.

Eit språkpolitisk spørsmål

Om tid var pengar, ville det mest berekraftige vere å gå over til blyant. Eller for å seie det metaforisk: Ville nokon finne på å installere ein båtmotor i eit fly og forvente at piloten skulle løyse problemet før avgang?

Om svaret er nei, hadde det vore interessant å få ei forklaring på kvifor elevar og tilsette forventast å løyse problema på eiga hand.

Motiverte elevar lærer meir. Elevar som opplever meistring trivst betre. Elevar som stadig møter tekniske hindringar, manglande funksjonalitet eller tungvinte løysingar, opplever det motsette. Frustrasjon skaper ikkje lærelyst.

Lingdys, som er eit viktig støtteverktøy for elevar med dysleksi, fungerer dårleg på iPad. På same måte er tilgangen til gode retteprogram og språkstøtte for nynorsk avgrensa. Dette fører til at elevgruppene som er mest avhengige av digitale hjelpemiddel, ofte får dårlegare støtte enn andre.

Då er det ikkje lenger berre eit pedagogisk problem, men eit språkpolitisk spørsmål om rettferdig vurdering.

Ta til dømes eksamen i nynorsk etter tiande klasse. Når språkstøtta ikkje fungerer like godt som på plattformer med meir omfattande korrekturverktøy, kan konsekvensen bli fleire språkfeil i den endelege teksten. Bokmålselevar med tilgang til gode stave- og grammatikkverktøy får hjelp til å rette opp mange feil før teksten blir levert. Nynorskelevar, dyslektikarar og elevar som må svare på sidemål, får ikkje den same støtta.

Ingen elevar bør risikere lågare karakterar

Ein sensor kan ofte sjå skilnad på tekstar som er skrivne med gode korrekturverktøy og tekstar som ikkje har hatt den same hjelpa. Små språkfeil, feil bøyingar og teiknsetting hopar seg opp og kan gje utslag i både ein og to karakterar.

Dette kan slå skeivt ut når karakterane frå grunnskulen er avgjerande for inntak til vidaregåande opplæring. Dersom elevane ikkje har likeverdige digitale støtteverktøy, risikerer vi at karakterane ikkje berre speglar fagleg kompetanse, men også kva teknologisk plattform kommunane har valt å gi elevane. Det utfordrar prinsippet om likeverdig vurdering. Skulen skal verne om både bokmål og nynorsk. Ingen elevar bør risikere lågare karakterar fordi dei har fått dårlegare digitale verktøy enn andre.

Ei einsidig satsing på iPad reiser også eit anna spørsmål: Korleis førebur vi elevane på arbeidslivet når PC framleis er den dominerande plattforma i utdanning og yrkesliv?

Kor lenge ville kommuneadministrasjonen sjølv orke å arbeide opp i seks timar for dag på ein iPad? Om svaret er «ikkje særleg lenge», er det kanskje på tide å spørje kvifor dette blir rekna som ei god langtidsløysing for elevar og lærarar.

Powered by Labrador CMS