Meninger • Annika Brandal & Christian Lilleng

En smilende person står foran vann og fjell med en hvit bygning i bakgrunnen.

Kvar blir det av det nye fengselet?

Annika Brandal, fylkesleiar Møre og Romsdal Venstre.

Regjeringens lovede utredning av nytt fengsel i Ålesund-området er forsinket, mens spørsmålene om framdrift og oppfølging står ubesvart.

Publisert

Du leser nå et leserinnlegg som uttrykker innsenderens mening.


I statsbudsjettet for 2025 lova regjeringa å starte utgreiinga av eit nytt fengsel i Ålesund-området.

Bakgrunnen var tydeleg: Dagens Ålesund fengsel frå 1864 er for lengst utdatert. Bygget manglar kvinneplassar, er ikkje tilgjengeleg for funksjonshemma, har ingen varetektsplassar og dekkjer ikkje kapasitetsbehovet i Møre og Romsdal.

Regjeringa slo sjølv fast at det var behov for eit nytt fengsel.

Avgrensa antal prosjekt

Då stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo (V) i august 2025 spurde justisminister Astri Aas-Hansen om status, viste han til at ei ferdig regulert tomt allereie stod klar, og bad om svar på kor langt utgreiinga var komen og når ho ville vere ferdig.

Svaret frå statsråden var at regjeringa framleis hadde som mål å setje i gang utgreiinga i løpet av 2025, men peika samstundes på at fleire fengselsprosjekt konkurrerte om dei same ressursane.

Ho understreka at det var avgrensa kor mange prosjekt kriminalomsorga kunne arbeide med samstundes.

Kva har skjedd?

No er vi langt forbi tidsplanen regjeringa sjølv la fram. Det naturlege spørsmålet er derfor: Kva har skjedd?

Har utgreiinga i det heile teke starta? Når kan innbyggjarane på Nordre Sunnmøre vente ei avklaring? Og står prosjektet framleis ved lag, eller har regjeringa lagt det i skuffa?

Behovet er ikkje blitt mindre. Tvert imot peikar både kriminalomsorga og nasjonale styresmakter på aukande behov for moderne fengselskapasitet og betre soningsforhold.

Samtidig ventar regionen framleis på handling etter fleire år med lovnader.

Når kjem utgreiinga?

For Nordre Sunnmøre handlar dette om meir enn eit bygg. Det handlar om rettstryggleik, beredskap, arbeidsplassar og ei framtidsretta kriminalomsorg.

Når staten sjølv har slått fast behovet, varsla utgreiing og peika på 2025 som oppstart, må det også kunne forventast at lovnadene blir følgde opp.

No er det på tide at regjeringa kjem med eit klart svar: Når kjem utgreiinga – og når skal Nordre Sunnmøre få det nye fengselet regionen har venta på?

Powered by Labrador CMS