sommerdrømmen
Ulstein gir sommerjobb til nær 30 unge
For første gang får også ungdom under 18 år prøve seg i produksjonen, mens flere sommervikarer går videre til lærlingplass i høst.
Denne sommaren har nesten 30 ungdommar og studentar sommarjobb hos Ulstein Group i Ulsteinvik.
For første gong er det også tatt inn ungdom under 18 år i produksjonen. Fleire av årets sommarvikarar skal også starte som lærlingar i Ulstein-bedriftene til hausten.
– Sommarjobben gir ungdommane verdifull erfaring og innblikk i kva moglegheiter som finst innan den maritime industrien. Dei får ansvar, samarbeidserfaring, opplæring i HMS og kjenne på korleis det er å vere del av eit arbeidsmiljø, seier HR-sjef i Ulstein Verft, Ann-Kristin Hatløy Fiskaa.
Frå sommarvikar til lærling
Lærlingordninga er ein viktig del av kompetansebygginga i konsernet. I skipsbyggingsområdet, som omfattar Ulstein Verft og Ulstein Elektro Installasjon, er det i dag 17 lærlingar, og frå hausten kjem ni nye inn.
Ein av dei er Jakob Haugen frå Hareid, som skal bli industrimekanikar. Før lærlingtida har han sommarjobb på verftet.
– Eg synest det er kjekt. Eg er på utrustingsavdelinga og lagar ulike komponentar til skip. Eg driv med sliping, sveising og montering, og held på med ei luke til eit ettermarknadsoppdrag, seier han.
Eit trygt første møte med arbeidslivet
16 år gamle Anna Seljeseth Sandvik frå Ulsteinvik er blant dei første under 18 år som har fått sommarjobb på verftet.
– Det er veldig bra at det er opna for oss under 18 år. Dette er min første sommarjobb, og eg har rydda, luka ugras og malt. Eg har også vore med og skifta dørhandtak og låsar; det hadde eg aldri gjort før. Det er kjekt å hjelpe til og lære nye ting, seier ho.
Fiskaa fortel at arbeidsoppgåvene er tilpassa dei yngste sommarvikarane.
– Målet er å gi dei ei trygg og positiv arbeidserfaring gjennom god opplæring og tett oppfølging.
Studentar på sommarinternship
Fem studentar er på sommarinternship i Ulstein denne sommaren. Dei arbeider med oppgåver innan stabilitet, analyse av plater og konstruksjonar, maskineri og stordataanalyse.
Sindre Kleiven frå Flø og Karl Petter Breivik frå Ulsteinvik er to av studentane.
– Eit slikt internship er ein del av studieløpet fram mot mastergraden, men gir også store fordelar når ein seinare skal søke jobb. Erfaringa styrkar CV-en og gir verdifulle kontaktar i næringslivet. Vi er heldige som har ei så teknisk og spennande bedrift på heimstaden vår. Då kan vi både få relevant arbeidserfaring og bu heime om sommaren, seier Breivik.
Kleven er samd:
– Mange av dei eg studerer saman med reiser heim til stader der det maritime miljøet ikkje er like sterkt. Vi er heldige som har desse moglegheitene her. Det er nydeleg, fortel han.
Karl Petter, som studerer ved NTNU, arbeider med analyse av datastraumar frå skip og bruk av data til planlegging og ressursstyring. Sindre, som studerer havteknologi ved Universitetet i Bergen, jobbar med analysar av vibrasjonar og eigenfrekvensar i ulike plater i skip.
– På universitetet handlar mykje om å utvikle seg sjølv og tileigne seg kunnskap. Her jobbar vi med løysingar som faktisk skal brukast. Det er ein heilt annan måte å arbeide på, og svært nyttig erfaring, seier dei.
Investering i framtida
Ved å tilby sommarjobbar ønsker Ulstein å gi unge eit innblikk i dei mange karrieremoglegheitene som finst innan maritim industri.
For nokre blir sommarjobben starten på ein lærlingplass. For andre kan han gi inspirasjon til vidare utdanning innan teknologi, logistikk, produksjon eller ingeniørfag.
– Vi håpar sommarjobben gir erfaringar dei kan ta med seg vidare, og kanskje ser vi fleire av dei att som framtidige fagarbeidarar, ingeniørar eller leiarar i Ulstein, seier Fiskaa.