252 bekrefta smittetilfelle i forrige uke
Dette er status for smitte, utbrot, vaksinasjon, vurdering av smittesituasjonen og pågåande aktivitet for 4. – 10. april 2022.
Smitta
Totalt 252 bekrefta smittetilfelle med koronavirus, ned frå 437 førre veke. Vi har stadig lågare testaktivitet.
Smittetilfelle fordelt på aldersgrupper
- 0-5 år: 8 personar
- 6-12 år: 11 personar
- 13-19 år: 18 personar
- 20-40 år: 63 personar
- 41-64 år: 105 personar
- 65+ år: 35 personar
Smittetilfelle fordelt på vaksinasjonsstatus blir ikkje lenger oppgitt da ein har endra praksis for smittesporing som følge av høge smittetal og derfor ikkje har desse data tilgjengeleg.
Skolar, barnehagar, helse- og omsorgsinstitusjonar og utbrot
Helse- og omsorgsinstitusjonar
- Mange institusjonar er framleis berørt av ein handfull smittetilfelle, men det er ingen større utbrot rapportert siste veke
- Skolar og barnehagar: Driftast som normalt.
Vaksiner
52,0 % av innbyggarane har fått 3. dose. Det fordeler seg slik (ingen endring sidan førre rapportering):
56,2 % av alle i aldersgruppa 40-44 år
71,0 % av alle i aldersgruppa 45-54 år
84,3 % av alle i aldersgruppa 55-64 år
95,0 % av alle i aldersgruppa 65-74 år
91,2 % av alle i aldersgruppa 75-84 år
87,4 % av alle i aldersgruppa over 85 år
Helsepersonell, blant annet tilknytta legevakt, sjukeheim og legekontor
Vurdering av smittesituasjon og pågåande aktivitet
- 252 tilfelle av koronasmitte er registrert siste veke, ned 42 % frå førre rapportering.
Det er låg testaktivitet som følge av endring i nasjonale testanbefalingar.
- Registrerte smitta pr 100 000 siste 14 dagar er i Ålesund 335. Nasjonalt er smittetrykket på 339.
- Helseføretaket Helse Møre og Romsdal har ikkje oppdaterte tal på innlagte, då rapporteringa blei avslutta 23.03.22.
- Smittenivåa overvåkast no i stor grad også gjennom statistikk på sykefråver, da tala på smittetilfelle er stadig er meir usikre.
Influensautbrot i Ålesund
- Influensa A sirkulerer nå saman med koronaviruset i Ålesund kommune. Symptom kan vere relativt like. Alle med influensaliknande symptom anbefalast å vere heime til dei er friske.
- PCR-prøver som blir tatt ved teststasjonen blir no rutinemessig undersøkt for influensa A og B i tillegg til korona, med verknad frå 25.03.22 kl. 13.00.
- Vi har dårlegare oversikt over absoluttalet med influensatilfelle da vi ikkje har hurtigtestar for dette og som da kan registrerast. Vi følger derfor utviklinga med å samanholde PCR-registrerte tilfelle av influensa med PCR registrerte koronatilfelle. Her er det små endringar, -influensa A utgjer framleis ein liten andel av PCR positive prøver.
Framleis gjeld:
- Den kommunale teststasjonen vil vere i drift til primo mai. Ut over dette er dei nasjonale anbefalingane at testing skal gjerast på indikasjon, -vurdert av lege. Hurtigtestar vil framleis bli gjort tilgjengeleg for innbyggarane i kommunal regi som før, fram til september.
- Om du testar negativt eller positivt: Bli uansett heime til du er frisk enten du er barn eller vaksen!
Nasjonale reglar og videre rapportering
Ålesund kommune forheld seg til nasjonale anbefalingar (Koronavirus – helsenorge.no ). Pressemelding om smittetal og vaksiner sendes ut vekentleg som fast rutine. Neste oppdatering skjer måndag 25.04.22, som følgje av påsken. Etter at den kommunale teststasjonen stenger, vil det ikkje vere grunnlagsmateriale kjent for kommuneoverlegen til å utarbeide ein rapport som man er vant med. Då vil kommunen avslutte sin vekentlege rapportering.