27 nye smittetilfelle med koronavirus
Ålesund kommune fekk måndag 30. august meldt 27 nye smittetilfelle.
- 5 arbeidarar ved Vard Søvik har testa positivt og er overført til Trohaugen i Vestnes. Smittesporing og testing er i gong.
- 7 personar er relatert til utbrot ved fiskeribedrift i Ålesund. Alle i bedrifta vert testa regelmessig for å stanse utbrotet.
- Ytterlegare 11 personar har kjend smitteveg.
- 1 har testa positivt ved innreise.
- 1 har testa positivt etter reise innanland.
- For to av dei smitta er smittevegen så langt ukjend. Smittesporing pågår.
Karantenesetting i kommunen:
- Fire avdelingar ved Ellingsøy barnehage er sett i karantene på grunn av påvist smitte hos ein tilsett.
- Ein 9. klasse ved Skodje ungdomsskule er sett i karantene.
- Det er frå før karantene ved fleire vidergåande skular i kommunen.
Om testing istadenfor karantene
Det er no høgt smittetrykk i Ålesund kommune med smitte i mange ulike samanhengar. Barnehagar og skular er på gult nivå. Det er gjort nokre forsøk med testing i staden for karantene gjennom helga. På grunn av det store smittetrykket, har vi ikkje klart å etablere testing i staden for karantene enda. Det vert difor gjennomført vanleg karantene av kohortar ved smitte i skule og barnehage inntil vidare. Vi kjem tilbake med meir informasjon om testing for karantene seinare, opplyser kommunen i ei pressemelding.