aktuelt

«BLÅ fjordar» er eit samarbeid mellom Sula kommune og Ålesund kommune om felles system som sikrar lovleg reinsing av avløpsvatn frå heile Sula kommune og store delar av Ålesund kommune, reinare fjordsystem og ei berekraftig løysing for framtida.

Blå fjordar holder seg godt innen budsjett

Alle kontrakter er nå signert, og prosjektet i Ålesund og Sula går videre med større reserve enn opprinnelig.

Publisert

Den aller siste kontrakten gjeld maskin og prosess i pumpestasjonane i Langevåg, Sunde og Hamnevika.  

Med alle kontraktar signert kan prosjektleiar Terje Endresen oppsummere med at summen av kontraktar er inngått innanfor budsjettet med god margin: 

— Dette er sjølvsagt både gledeleg og viktig. Det betyr at vi på dette tidspunktet i prosjektet fortsatt har ein tilfredsstillande reserve igjen innafor P50-budsjettet som er den ramma politikarane har gitt oss, seier han. 

«BLÅ fjordar»:

  • «BLÅ fjordar» er eit samarbeid mellom Sula kommune og Ålesund kommune om felles system som sikrar lovleg reinsing av avløpsvatn frå heile Sula kommune og store delar av Ålesund kommune, reinare fjordsystem og ei berekraftig løysing for framtida.

  • BLÅ har både reinseanlegg, administrasjonsbygg og overføringsanlegg. Anlegget skal reinse avløpsvatn frå rundt 50.000 personar/66.000 pe.

  • Administrasjonsbygget skal ligge på Kongshaugstranda medan reinseanlegget vert bygd i fjellet bak administrasjonsbygget.

  • I tillegg skal det byggast 34 kilometer overføringsleidningar med fleire pumpestasjonar og ventilhus.

  • Planlagt drift av anlegget er i 2028.

Stor kompleksitet

Prosjektet Blå fjordar er no i ein fase der ein bygger på svært mange stader i Ålesund og Sula.

Betongarbeidet inne i berghallane på Kongshaugstranda går for fullt i tillegg til at det blir jobba på pumpestasjonar, ventilhus og leidningsstrekk i Breivika, Larsgården, Åse, Borgundfjordvegen, Moa, Stafsethneset, Djupvika, Langevåg og Straumen i Sula. Det er også like før oppstart på pumpestasjon i Langevåg, Hamnevika og Sunde.

Til hausten startar arbeid med ventilkum på Stafsethneset og leidningsstrekk på land og sjø gjennom Vågevatnet, Åse-Stafsethneset, Borgundfjordvegen-Åse, Djupvika-Tørla og Tørla-Stafsethneset.

Stor konkurranse mellom tilbydarane

— Dette viser kompleksiteten og mengda av delprosjekt i prosjektet. Det er mykje som skal haldast oversikt over og det er fortsatt mykje som kan skje, men det er veldig greitt å gå inn i den neste fasen og vite at reserven i prosjektet så langt faktisk har vorte større enn den var i utgangspunktet, seier Endresen. 

Endresen seier at ei av forklaringane er at det har vore stor konkurranse mellom tilbydarane til prosjektet.

Han peiker også på god kvalitetssikring av forprosjekt og justering av basiskalkyle med mellom anna simulering av prisstigning og fleire andre variablar som ei av forklaringane til at ein har god og rett budsjettering så langt i prosjektet.

Powered by Labrador CMS