Fleire tar buss og færre kjører eigen bil

I den første veka med oppstart av Bypakke Ålesund kan vi vise til ei stor auke med folk som tek buss, medan ferdsel på til dømes Lerstadvegen har gått ned. Gratis buss har truleg ein stor innverknad på reisevanane.Etter første veka med gratis buss kan FRAM melde at reisetalet har meir enn dobla seg frå om lag 55.000 reisande i veke 34 i 2021 og om lag 115.000 no i 2022 opplyser kommunen i ei pressemelding.

Publisert Sist oppdatert

– Eg har sjølv teke buss og det verkar til å vere ei god stemning om bord, sjølv om dei til tider er fulle. Folk reiser seg og hjelper kvarandre. Ofte har eg sett fleire barnehagar og skoler som no nyttar buss til å få dratt til sentrum for eksempel. Så at fylkeskommunen kom med gratis buss samtidig med bompengeoppstart var nok smart, seier leiar for styringsgruppa for Bypakke Ålesund, Tore Johan Øvstebø.

Hyppige avgangar vil gi fleire passasjerarar

Det er nokon ruter som peikar seg ut med auke i passasjerar. Frå sentrum til Campus Ålesund og frå Moa til Campus har det største trykket. Det er berre nokre få områder der det har vore veldig fulle bussar, som til dømes frå sentrum til Campus Ålesund.

– Vi veit at hyppige avgangar er viktig for at folk skal reise kollektivt. Det sentrale Ålesundsområdet er det området i Møre og Romsdal med flest avgangar. På den mest trafikkerte strekninga, som er mellom Ålesund sentrum og Moa, går det buss kvart 10. minutt i rushtida og ca. kvart 15. minutt utanfor rushtida på dagtid, seier Inge Rønstad, ruteplanleggar i FRAM, Møre og Romsdal fylkeskommune.

Med justeringane fra 22. august, blei det også økt tilbod blant anna på nye linje 2 Sentrum-Moa-Magerholm, som skal gå på kveld og helg i tillegg til på dagtid. Både FRAM og partane i Bypakke Ålesund trekkjer fram pendlarane som ei viktig gruppe å få over frå bil til buss!

Utan billettering held bussen ruta

I perioden med gratis buss er det ikkje billettering innanfor sona den aktuelle kampanjen gjeld. Dette gjer at dei bussane som køyrer i gratiskampanjen er meir i rute enn dei som har billettering.

-Dette er noko vi jobbar med intern i FRAM og i fylkeskommunen. I framtida vil nok billettering skje utanfor bussen til dømes på ein bussterminal, og dermed vil ein fjerne noko av grunnlaget for forseinkingar, seier Inge Rønstad i FRAM, Møre og Romsdal fylkeskommune.

Trafikktalla går ned på enkelte strekningar

For E39 Blindheimstunnelen og E136 Innfartsveien så er det om lag 10% reduksjon i forhold til sammenliknbare veker.

-Dette utgjer noko over 2 500 færre bilar i døgnet, seier Ole Kristian Birkeland frå Statens Vegvesen.

For tellepunktet ved Bjørge på Ellingsøya er det ei auke på om lag 10%:

-Det utgjer om lag 300 fleire bilar i døgnet på Ellingsøya. Men så er dette den første veka, og  vi må følgje med på korleis trafikken utviklar seg dei neste vekene, seier Ole Kristian Birkeland.

Powered by Labrador CMS