Nå blir det massevaksinering i Sparebanken Møre Arena

Ålesund kommune har inngått avtale med Sparebanken Møre Arena som stad for massevaksinering.

Publisert Sist oppdatert

Frå 4. mai vil kommunen starte opp vaksinering i hallen. Dei som har fått dose ein på vaksinestasjonane på Parken hotell, Moa og Gomerhuset, skal framleis få dose to på same plass. Sparebanken Møre Arena blir rigga til å ta imot 1 000 personar kvar dag.

-Dette skal gå saumlaust og effektivt for både innbyggarar og dei som skal jobbe på vaksinestasjonen, seier vaksineansvarleg Anne Berte Hareide.

Opningstidene på stasjonen vil vere tilpassa dei som skal få vaksinen. Kommunen legg også opp til vaksinering på ettermiddagstid.

Det er framleis tal på vaksinedosar som kommunen får, som avgjer kor mange som kan bestille time til vaksinering. 

-Det er varsla at ein vil auke tal på vaksinedosar frå midten av mai, og det er derfor vi no riggar oss for massevaksinering for å vere klare for det store talet med innbyggarar som då får vaksine mot koronavirus, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

 -Etter eitt år med lite aktivitet i hallen er vi glade for at Sparebanken Møre Arena kan brukast til dette føremålet. Vi håpar å kunne gjennomføre arrangementa etter plana til hausten, og gleder oss til igjen å fylle hallen, seier dagleg leiar i Sparebanken Møre Arena, Synnøve Rogne.

Slik vil påmeldinga vere

Det er framleis slik at folk skal melde seg på til vaksineringa på SBM Arena gjennom kommunen si nettside og gjennom Helseboka. Alt står forklart på alesund.kommune.no/vaksinering

Frå 4. mai fortsett vi vaksineringa av pasientar i risikogruppene 5-6-7. Plana er å starte vaksinering av dei mellom 55-64 i løpet av mai. Det er fastlegane som prioriterer mellom pasientar i risikogruppene.

Alle som fyller 65 år i løpet av 2021 kan no melde seg til massevaksinering.

Ålesund fekk ekstra fleire vaksinedosar i veke 17

Ålesund kommune får 300 ekstra vaksinedosar i veke 17. Dosane skal brukast til massevaksinering ved Scandic Parken Hotel i Ålesund. Det betyr at det totalt skal settast 1884 dosar ved Scandic Parken Hotel i Ålesund, Gomerhuset på Skodje og Moa neste veke. Det totalt talet på vaksiner i veke 17 blir dermed 2538. Resten skal settast ved legekontora.

Powered by Labrador CMS