Ny smitterekord i Ålesund

Det er smitterekord med totalt 4 767 bekrefta smittetilfelle for veke 8. Talet på registrerte smitta er auka med ca 5 prosent sidan førre rapporteringsveke, då det var 4 550 smitta.

Publisert Sist oppdatert

Det har vore vinterferie i rapporteringsveka og testaktiviteten har derfor vore veldig låg. Dette betyr at vi har stadig høgare mørketal, og at smitten framleis aukar kraftig.

Smittetilfeller fordelt på aldersgrupper

  • 0-5 år: 296 personar
  • 6-12 år: 530 personar
  • 13-19 år: 451 personar
  • 20-40 år: 1 749 personar
  • 41-64 år: 1 433 personar
  • 65+ år: 308 personar

Smittetilfeller fordelt på vaksinasjonsstatus blir ikkje lenger oppgitte då ein har endra smittesporingspraksis som følgje av høge smittetall og derfor ikkje har desse dataa tilgjengeleg.

Powered by Labrador CMS