Meninger • Christian Lilleng

Krever slutt på tomme busser

Venstre vil ha bedre bussruter og hurtigbåtkorrespondanse i Haram kommune.

Publisert

Dette er et leserinnlegg som uttrykker innsenders meninger. 

Eit godt og fungerande kollektivtilbod er avgjerande for at Haram skal vere ein attraktiv kommune å bu, arbeide og etablere næringsverksemd i.

Likevel opplever mange innbyggjarar at det er vanskeleg å kome seg mellom bygdene, til arbeid, skule og fritidsaktivitetar – og ikkje minst å nytte seg av hurtigbåttilbodet.

Konkrete initiativ

Venstre har over tid løfta utfordringane med kollektivtrafikken. Det gjeld mellom anna dei mangelfulle bussforbindelsane på Nordøyane, manglande korrespondanse med hurtigbåten og paradokset med bussar som køyrer utan passasjerar, samstundes som innbyggjarane manglar eit brukande rutetilbod.

I eit svar på spørsmål frå Venstre har ordføraren no gjort greie for korleis kommunen arbeider med saka. Det er positivt at innspela blir tekne på alvor, og at det no kjem konkrete initiativ.

Eit viktig steg er at ordføraren har invitert samferdselsavdelinga i fylkeskommunen til kommunestyret på nyåret. Der skal dei, om dei kjem, orientere om kollektivtilbodet i heile Haram, og kommunestyret får høve til å stille spørsmål og kome med konkrete innspel direkte til dei som har ansvaret for rutetilbodet.

Viktige prioriteringar

Kommunen har òg teke opp utfordringane med fylkeskommunen tidlegare, mellom anna i møte med samferdselsutvalet 11. mai. Kollektivtilbodet på Nordøyane, den såkalla «tomme bussen» og korrespondansen med hurtigbåten var blant tema som vart diskuterte.

Ordføraren viser vidare til dialog med Northern Islands Technology og Kongsberg, og at det kan vere aktuelt å involvere Ålesund kommune i arbeidet med kollektivtilbodet for verksemdene i tidlegare Sandøy kommune.

Gjennom Nordre innovasjonsforum arbeider kommunen også med det samla kollektivtilbodet.

Her bør særleg bussrutene 231 og 232 og betre korrespondanse med alle hurtigbåtanløp vere viktige prioriteringar.

Bind kommunen saman

Venstre meiner det er avgjerande at desse initiativa blir følgde opp med konkrete krav og løysingar. Sjølv om det er fylkeskommunen som har ansvaret for kollektivtilbodet, må Haram kommune vere ein tydeleg pådrivar på vegner av innbyggjarane sine.

Vi kan ikkje slå oss til ro med at kommunen har avgrensa innverknad. Vi må bruke dei politiske kanalane vi har, samarbeide med næringslivet og stå samla om krava våre overfor fylket.

Venstre er glade for at ordføraren har lytta til initiativet vårt og no tek saka vidare. Men invitasjonen til fylkeskommunen er berre eit første steg. Målet må vere eit kollektivtilbod som faktisk fungerer.

Det skal vere mogleg å bu på Nordøyane, i Tennfjord, Brattvåg og elles i kommuna og kome seg til arbeid, skule og fritidsaktivitetar utan å vere heilt avhengig av eigen bil.

Haram treng eit kollektivtilbod som bind kommunen saman – ikkje eit tilbod som held folk tilbake.

Powered by Labrador CMS