Meninger •
– Skulebøker er ikkje gammaldags, det er framtidsretta
For oss handlar dette ikkje om nostalgi eller motstand mot teknologi. Digitale verktøy har sin plass i skulen, men stadig meir forsking peikar på at fysisk lesing fremjar konsentrasjon, forståing og djupnelæring på ein annan måte enn skjermlesing.
Du leser nå et leserinnlegg som uttrykker innsenderens mening.
Norske elevar les dårlegare enn før. Fagfolk uttrykkjer aukande uro over utviklinga, og dei siste åra har vi sett ei rekkje rapportar som viser svakare leseferdigheiter, lågare konsentrasjon og fleire elevar som strevar med grunnleggjande ferdigheiter.
I møte med desse utfordringane er det lett å snakke om store reformer og kompliserte løysingar. Men nokre gonger handlar det også om noko så enkelt som å sørgje for at elevane har gode, oppdaterte lærebøker.
Vil prioritere pengar til nye skulebøker
Det er nettopp derfor Haram Venstre år etter år har prioritert pengar til nye skulebøker i sine alternative budsjett.
Og år etter år har vi blitt stemde ned av posisjonen beståande av Senterpartiet, Arbeidarpartiet, INP og SV.
No gjer vi eit nytt forsøk.
I økonomiplanen til Venstre og Framstegspartiet set vi av 2,5 millionar kroner i 2027 og 2,5 millionar kroner i 2028 til innkjøp av nye skulebøker.
Målet er ambisiøst, men realistisk: I løpet av to år skal alle elevar i Haram få tilgang til nye og oppdaterte lærebøker i alle fag.
Handlar ikkje om nostalgi eller motstand
For oss handlar dette ikkje om nostalgi eller motstand mot teknologi. Digitale verktøy har sin plass i skulen, men stadig meir forsking peikar på at fysisk lesing fremjar konsentrasjon, forståing og djupnelæring på ein annan måte enn skjermlesing. Samtidig ser vi at mange elevar slit både med lesing og med å halde merksemda over tid.
Då er det underleg at fleirtalet i Haram kommune år etter år har sagt nei til å investere i det kanskje mest grunnleggjande læringsverktøyet skulen har.
Ei lærebok blir ikkje forelda fordi ho er på papir. Men innhaldet blir forelda dersom bøkene ikkje blir skifta ut. Mange elevar møter i dag fagbøker som er slitne, utdaterte eller må delast mellom fleire klassar. Det er ikkje godt nok.
— Det burde vere ei sjølvfølgje
Haram Venstre meiner at elevane fortener betre. Når læringsresultata går feil veg nasjonalt, må vi våge å prioritere det som faktisk skjer i klasserommet. Nye skulebøker er ikkje heile løysinga, men det er ein viktig del av ho.
Difor er vi stolte over at Venstre og Framstegspartiet no legg fram ein plan som kan gi nye lærebøker i alle fag til alle elevar i Haram i løpet av to år.
Dette handlar ikkje om papir mot skjerm. Det handlar om å gi elevane dei beste føresetnadene for å lære.
Og det burde eigentleg vere ei sjølvfølgje.