Ålesund kommune styrer unna Robek

I urevidert driftsrekneskap for 2021 syner kommunen eit mindreforbruk på om lag 25 millionar kroner. Mindreforbruket går til å betale ned på tidlegare års meirforbruk, noko som blir beskrive som ein god nyheit av ordførar og kommunedirektør.

Publisert Sist oppdatert

Resultatet er prega av særs høge skatteinntekter og god avkastning på finansielle plasseringar. Driftskostnadane auka med om lag 4,2 %, medan driftsinntektene auka med 6,2 %. Netto driftsresultat vart negativt med 9,8 millionar kroner (-0,2 % av driftsinntektene), noko som er ei betring på 151,6 millionar kroner samanlikna med året før, skriv kommuen i ei pressemelding.

Resultatet for 2021 er eit godt resultat for Ålesund kommune, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.

-Eg vil rette ein stor takk til administrasjonen og til våre tilsette som bidrar til god kostnadskontroll og som står i ei tøff økonomisk omstilling. Dette er eit godt grunnlag for at vi saman skal utvikle gode tenester for innbyggarane våre framover.

Akkumulert meirforbruk etter 2021 er redusert frå 140,7 millionar kroner til 115,8 millionar kroner. Om kommunen skal unngå ROBEK-registrering til neste år, må rekneskapen for 2022 syne eit mindreforbruk som er 115,8 millionar kroner eller betre.

-For oss vil det framleis vere viktig å få ned driftskostnadene i 2022 skal vi klare å betale tilbake heile meirforbruket frå tidlegare, seier kommunedirektør Jon Steven Hasseldal.

Disposisjonsfondet er framleis tomt, medan målsettinga er at dette på sikt skal utgjere minimum 5 % av driftsinntektene

Powered by Labrador CMS