Ber om frivillige til vaksinedugnad

Ålesund ynskjer frivillige å hjelpe med vaksinearbeidet -Vi tek sikte på å vaksinere 1000 personer per dag frå tysdag til fredag. Dette klarer vi ikkje aleine, opplyser kommunen.

Publisert Sist oppdatert

– Ålesund kommune skal frå 4.mai ta til med massevaksinasjon mot korona i Sparebanken Møre Arena, og då treng vi hjelp frå innbyggarane våre.

I første omgang treng vi frivillige som parkeringsvakter. Vi treng òg frivillige som kan vise dei som skal vaksineringt til sine plassar, seier Siv Ulla ved Ålesund frivilligsentral.

Folk kan registrere seg ved å sende e-post til frivilligsentralen, seier Ulla.

siv.ulla@alesund.kommune.no

Meir informasjon?

Ta kontakt med Siv Katrin Ulla eller Ingrid Landgren på mobil 945 22 775 ved Ålesund frivilligsentral

 

 

Powered by Labrador CMS