Deltavirus i Ålesund

Ålesund kommune fekk søndag meldt inn eitt nytt tilfelle av koronavirus. Det er bekrefta at det dreier seg om virusmutasjonen delta. Dette er det første registrerte tilfellet av deltavirus i Ålesund.

Publisert Sist oppdatert

Det dreier seg om innreisesmitte frå ein annan del av landet. Smittesporing er gjennomført og der er få nærkontaktar.

– Vi ventar at det blir ein del importsmitte framover fordi vi reiser meir no i sommarferien, seier kommuneoverlege Jonas Kvale Vegsundvåg, i en pressemelding.

– Det er difor viktig å ha låg terskel for å teste seg ved symptom.  Vi minner om at vaksinerte kan ha veldig milde symptom på smitte.

Powered by Labrador CMS