Fjord Guilding satsar på å gjere Geiranger til heilårsdestinasjon
I følge ei pressemelding frå Fjord Guliding skal det frå sommaren satsast på heilårsdrift av elektrisk rib i Geirangerfjorden.
Geiranger har lenge vore eit populært reisemål for fleire i sommarhalvåret, men vil no satse som heilårsdestinasjon. Det har sidan 2007 vore sesongdritft av fjordsafari på Geirangerfjorden, men tilbodet skal utvidast til faste daglege turar heile året.
– For å få til dette er vi heilt avhengig av eit godt samarbeid med andre reiselivsaktørar i Geiranger, og vi er difor svært glade for at samarbeidsavtalen vi nyleg har gjort med Emobility alleire no viser kva ein saman kan få til, seier dagleg leiar i Fjord Guilding, Kjetil Hantveit i ei pressemelding.
Firmaet har operert i Geiranger i 15 år og Hantveit seier det er ekstra gledeleg å kunne vere med på å sikre heilårs arbeidsplassar i bygda, og ein viktig del av prosjektet er gjennomføring av det grøne skiftet. Difor inkluderar satsinga 100% elektrisk rib.