Folkemøte om kommunedeling
Ålesund kommune arrangerer digitalt folkemøte om kommunedeling fredag 18. februar. Der skal BDO presentere si konsekvensutgreiing og det blir mogleg å stille spørsmål til BDO.
Det internasjonale rådgivings- og revisjonsselskapet BDO har sette på følgjer av ei eventuell kommunedeling, både for den utskilte kommunen og den delen av Ålesund som blir ståande igjen.
BDO skal presentere kva dei kom fram til, først for Ålesund kommunestyre i dag, torsdag 17. februar, og derettter i eit digitalt folkemøte fredag 18. februar.
Følg folkemøtet
På dette digitale folkemøte presenterer BDO si konsekvensutgreiing. I tillegg vil ordførar, varaordførar og gruppeleiarane til dei politiske partia som skal ta avgjerda i kommunestyret legge fram synspunkt knytt til prosessen og kunnskapsgrunnlaget.
- Dato: 18. februar 2022
- Tid: Kl. 12.00 – 14.00
- Stad: Facebook Live
Still spørsmål
På møtet vil BDO svare på spørsmål om rapporten. Du kan sende dei spørsmål via kommunen si nettside
Det vil òg vera mogleg å stilla spørsmål medan møtet pågår, via chatten i Facebook Live-sendinga.