Gratis konsert med Dagny på Aksla.
Som avslutning etter ei veke med over 50 arrangement i Ålesund, blir det nattevandring og gratis konsert med Dagny utanfor Fjellstua på Aksla, laurdag 4. september.
Laurdagen blir ein folkefest i byen med Pride-parade med Ålesund Pride, Brosundetlangs med kunst&kultur, reparasjonscafé og Framtidslaben i sentrum. Det heile vert avslutta med vandring opp trappene for å markere støtte til berekraftsmåla og framtida, på toppen blir det gratis konsert og ulike overraskingar.
Trappene blir lyst opp i fargene til dei 17 måla for å skape ei unik og magisk stemning i byen. Berekraftsmåla når vi berre om vi står saman, denne markeringa er symbolsk viktig for å syne at vi har tru på framtida.
-Dette er ein dag for hele familien og vi håpar personar frå nær og fjern vil dele denne fantastiske kvelden med oss! Seier Gjermund Kvernmo Langset, dagleg leiar i The North West.