Her er oppdaterte restriksjonar i Ålesund, Sula og Giske

Tysdag 18. mai har kommunane Ålesund, Sula og Giske valt å vidareføre delar av den lokale forskrifta. Det blir nokre lette med opning av mellom anna treningssenter, badeland, kino og arrangement. Det blir framleis påbod om heimekontor, skjenkestopp av alkohol og påbod om munnbind.

Publisert Sist oppdatert

Kriseleiingane i kommunane har tysdag 18. mai hatt møte og vedtatt ei ny lokal forskrift. Forskrifta er noko endra i forhold til den tidlegare forskrifta, og har fleire lette:

No får mellom anna treningssenter, aktivitetsparkar/badeland, kulturhus og kino opne igjen. For studentar betyr endringa at dei kan nytte campus fullt ut. Det blir tillate med arrangement igjen, men med redusert tal på folk som kan delta i forhold til den nasjonale covid-19 forskrifta. (Sjå i forskrifta).

Den nye forskrifta gjeld frå midnatt 18. mai og fram til midnatt tysdag 25. mai:
– Det har vore ein del organiserte samlingar kring 17. mai, og vi vel difor å forlenge delar av forskrifta. Det er viktig å halde kontrollen no og sjå konsekvensane av langhelga med 17. mai feiring, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Politiet i Møre og Romsdal melde om samanstimlingar av yngre menneske i helga, og det er grunn til bekymring dersom dette utviklar seg til smitte:

– Politiet forstår at ungdommen har behov for å møtast, men det er grunn til bekymring etter helga. Ungdommar i alderen 15-18 år og russen har vore mykje samla, og vi ber no foreldre og føresette om å sjå til at ungdommen held seg til smittevernreglane, seier politistasjonssjef Oddbjørn Solheim.

Framleis skjenkeforbod og påbod om munnbind
Det blir framleis skjenkestopp på restaurantar i kommunane. I tillegg er det framleis påbod om både heimekontor og bruk av munnbind der ein ikkje kan halde minst ein meter avstand.

– Det er gode nyheiter at smittesituasjonen no tilseier at vi kan lette på mange av koronatiltaka. Men, vi må framleis vere på vakt. Verken i Ålesund eller resten av landet kan vi leve som normalt enno. Gjenopninga avhenger av meg og deg, at vi framleis tar situasjonen på alvor. Alle må gjere sin innsats for at vi skal kunne komme dit, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.

Felles vedtak for Ålesund, Sula og Giske

Ordførar i Giske, Harry Valderhaug og ordførar i Sula, Jim-Arve Røssevoll er samstemte i at det er naturleg at dei tre kommunane gjer felles vedtak i denne saka:
Ålesund, Giske og Sula er ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion der folk reiser mykje mellom kommunane i arbeid og fritid. Vi vel difor å fortsatt samkøyre våre tiltak. Sula og Giske kommune har gjort likelydande vedtak som Ålesund og forlengar si forskrift.

Lokale råd i tråd med dei nasjonale (bokmål)
Sula, Giske og Ålesund har lokale råd i tråd med dei nasjonale råda for kommunar med smittetrykk på nivå med vårt (Tiltaksnivå B):
• Man bør ikke ha flere enn fem gjester i eget hjem. Det oppfordres til å møtes utendørs.
• Antallet kontakter gjennom en uke bør ikke overstige 10 personer ut over nødvendige kontakter i jobbsammenheng, husstandsmedlemmer og barnehage- og skolekohorter.
• Det bør holdes 2 meter avstand i møte med andre personer i risikogrupper, og i situasjoner der smitterisikoen antas å være høyere (f.eks. ved fysisk aktivitet med høy intensitet, synging eller roping).
• Alle bør unngå reiser som ikke er nødvendige. Reise til arbeid må anses som nødvendig. For de aller fleste vil det likevel gjelde krav om hjemmekontor.
• Bosatte i kommunen anbefales å benytte lokale kjøpesentre/varehus.
• Bosatte i kommunen kan dra til fritidsbolig, men bare sammen med personer i egen husstand. Gjør alle innkjøp i egen kommune før avreise. Ikke oppsøk butikker, serveringssteder eller møteplasser med mange mennesker i hyttekommunen. Hold god avstand til andre i skiløypa, skitrekket og på gåtur. Sjekk hvilke råd og regler som gjelder for hyttekommunen, og følg dem. Ikke ta imot besøk.
• En-til-en virksomheter, for eksempel frisører, bør innføre forsterkede tiltak som bruk av munnbind i situasjoner der det ikke er mulig å opprettholde 1 meters avstand eller å redusere eller midlertidig fjerne behandlingstilbud som innebærer nær kontakt ansikt-til-ansikt.

Førebels forskrift om tiltak for å førebygge koronasmitte (Covid-19) i Ålesund kommune i Møre og Romsdal
Heimel: Fastsett av kriseleiinga i Ålesund kommune med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer (smittevernloven) § 4-1 i samsvar med krisefullmakt frå Ålesund kommunestyre til kriseleiinga i sak 57/19.

§ 1. Formål
Formålet med forskrifta er å hindre eller avgrense spreiing av SARS CoV-2 i ein periode med sterk auke i smittetal og spreiing av mutant virusvariant i lokalsamfunnet.

§ 2. Virkeområde
Forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Ålesund kommune.

§ 3. Forhold til anna lovverk
Reguleringa i dette vedtaket kjem i tillegg til dei reguleringar som følge av lov, nasjonale forskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte. Ved motstrid mellom denne forskrift og nasjonalt regelverk, går forskrifta framfor fråvikelege reglar i lov og nasjonal forskrift.

§ 4. Tal på personar som kan vere til stades på eit arrangement
Sjølv om krava til avstand i § 13c i nasjonal Covid 19-forskrift blir oppfylte, skal det ikkje gjennomførast arrangement med fleire personar som samtidig er fysisk til stades enn:
a) 10 personar innandørs eller 20 personar utandørs på privat samankomst som regulert i § 13 første ledd bokstav f i Covid 19-forskrifta, likevel slik at barn i same kohort i barnehage eller barneskole kan møtast med det talet vaksne som er nødvendig for å gjennomføre arrangementet.
b) 10 personar på innandørs arrangement som regulert i § 13 første ledd bokstavane a til e, i Covid 19-forskrifta likevel
1. 50 personar der alle i publikum sit på faste, tilviste plassar.
2. 25 personar på idretts- og kulturarrangement for utøvarar under 20 år som høyrer til same kommune.
c) 100 personar på utandørs arrangement som regulert i § 13 første ledd bokstavene a til e, i Covid 19-forskrifta, likevel 300 personar der alle i publikum sit på faste, tilviste plassar.
Ved arrangement der det er meir enn 100 personar til stades samtidig, skal dei som er til stades bli fordelt i grupper med inntil 100 personar. Det skal heile tida vere minst to meter avstand mellom gruppene.
Grupper med inntil 100 personar kan skiftast ut i løpet av arrangementet, dersom det blir gjort på ein smittevernfagleg forsvarleg måte og det ikkje er kontakt mellom dei.
Følgande personar skal ikkje reknast med i det totale talet på personar som kan vere til stades på arrangement:
a) tilsette og oppdragstakarar som står for gjennomføringa av arrangementet.
b) utøvande kunstnarar ved gjennomføring av kulturaktivitetar i regi av ein profesjonell aktør.
c) toppidrettsutøvarar, støtteapparat og dommarar ved gjennomføring av idrettsarrangement.
d) spelarar, støtteapparat og dommarar ved gjennomføring av seriekampar i toppfotball (fotballseriar) som Norges Fotballforbund har bestemt er klare til å følge forbundets smittevernprotokollar utarbeidd i samarbeid med Helsedirektoratet.
e) journalistar, fotografar og øvrige representantar frå media som er nødvendige for å sikre mediedekning av arrangementet.
Ved arrangement slik som i § 13c tredje ledd bokstav f, Krav til avstand på arrangement i Covid 19-forskrifta inngår alle som er til stades, inkludert utøvarar og støtteapparat, i berekninga av det totale talet på personar.

§ 5. Påbod om heimekontor
Arbeidsgivarar skal sørge for at tilsette arbeider heimanfrå så langt det er praktisk mogleg. Arbeidsgivarar skal kunne dokumentere at det er gitt beskjed til dei tilsette om korleis dette skal gjennomførast i verksemda.

§ 6. Skjenkestopp
Serveringsstader som har skjenkebevilling etter alkoholloven kapittel 4 og 5 skal ikkje utøve skjenkebevillinga.

§ 7. Plikt til å bruke munnbind
Når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmar, skal det brukast munnbind i butikkar, i fellesareal på kjøpesenter, på serveringsstader, i trus- og livssynshus, på kollektivtransport og innandørs stasjonsområde, og i lokale for kultur-, sports- og fritidsaktivitetar.
Passasjerar skal bruke munnbind i taxi. Munnbindet skal takast på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikt til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien.
Plikta til å bruke munnbind i første ledd gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand frå besøkande. Dette gjeld ikkje tilsette på stader der det er sett i verk andre tiltak mot smitte for dei tilsette som bruk av visir, skiljeveggar o.l. i samsvar med Folkehelseinstituttets tilrådingar.
Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsakar ikkje kan bruke munnbind.

§ 8. Ansvar
Ålesund kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagde tiltak.

§ 9. Straff
Forsetteleg eller grovt aktlaus brot på reglane i denne forskrifta, straffast med bøter eller fengsel inntil 6 månader jf. smittevernloven § 8-1.

§ 10. Ikraftsetjing
Forskrifta trer i kraft 18.05.21 kl. 24.00, og gjeld fram til 25.05.21 kl. 24.00.

Powered by Labrador CMS