Manglande avløpsreinsing påverkar byggesaker i haust

Etter svar frå Statsforvaltaren setter Ålesund kommune i verk tiltak for å ikkje gjere avløpssituasjonen i kommunen verre. Det vil spesielt få betydning for deg som skal bygge ut i området Aspøy, Larsgården og Breivika.

Publisert Sist oppdatert

Svaret understrekar at avløpssituasjonen er alvorleg i fleire tettbygde område i Ålesund, men at kommunen sin tiltaksplan bidreg til at fleire av avvika kan lukkast. For nokre områder i Ålesund er det allereie klart kva byggeprosjekt som ikkje vil bli godkjent.

Desse tiltaka gjeld no

Byggesøknader som vil auke avløpsmengda frå eigedomen knytt til Aspøy reinseanlegg, vil ikkje bli godkjent.

Byggesøknader som vil auke avløpsmengda frå eigedom i Larsgården og Breivika vil måtte avklarast i kvart enkelt tilfelle.

Desse tiltaka vil førebels gjelde ut året og i tabellen kan du sjå kva type byggesøknadar som blir omfatta av dei nye tiltaka.

Dette er status for dei største anlegga:

  • Reinseanlegg på Aspøya (RA2): Her er det foreløpig ikkje nok kunnskap om årsaker og moglegheiter for utbetring. Det kan derfor heller ikkje bli gitt nye byggeløyver som gir meir belastning på anlegget. Restriksjonane skal evaluerast januar 2023.
  • Reinseanlegg på Larsgården (RA3) og Breivika (RA5): Tilstanden til anlegga tilseier at det ikkje blir gitt mynde til byggetiltak som medfører auka utslepp.  Kvar enkelt søknad må avklarast med Statsforvaltar og vurderast opp i mot tiltak på reinseanlegga.

Kva type byggesøknadar blir omfatta?

Blir godkjent Blir ikkje godkjent
Garasje utan eigen bueining. X
Uthus, hagestuer, terrasser og andre liknande mindre tiltak. X
Bruksendring innanfor en bueining. X
Ny oppretting av ny bueining ved oppdeling av bustad, tilbygg eller påbygg. X
Etterfølgande godkjenning av allereie etablerte bustader som manglar formell godkjenning i medhald av plan- og bygningsloven. X
Bruksendring frå eitt formål til eit anna og det blir meir belastning på anlegget. For eksempel frå lager til kontor eller frå fritids- til heilårsbustad. X
Bruksendring frå eitt formål til et annet og det ikkje blir større belastning på anlegget. For eksempel frå kontor til lager, forretning osv. X
Mindre tilbygg utan eigen bueining. For eksempel tilbygg til bustadhus mindre enn 50m2 BYA / BRA. X
Mindre påbygg utan eigen bueining. X
Riving og oppføring av nytt bygg med tilsvarande belastning. X.
Større tilbygg. Må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Berekning av nytt og gamalt utslepp leggast ved byggesøknaden.
Powered by Labrador CMS