Sjå kven som kjem til Heimebanefest neste år

Etter suksessen i sommar, blir det ny Heimebanefest neste år. Med seg til festen har dei fått med seg Astrid S, Silya, Di Derre og Chris Holsten. Sistnemnde kjem tilbake til Ulsteinvik for tredje året på rad.

Publisert Sist oppdatert

Astrid S er for tida aktuell som Askepott i ‘’Tre nøtter til Askepott’’, og Chris Holsten vant nyleg prisen som årets artist, og årets låt under P3 Gull.

-Vi er kjempestolte over å ha signert disse stjernene, som er eit signal på at vi ynskjer å halde lista der vi la den i august i år under verdas fyrste Heimebanefest, seier Line Urke i arrangørkorpset.

Festivalen går av stabelen 23. juni og held på i 10 dagar, med konsertar 24. og 25. juli. Resten av dagane skal i fylgje Urke fyllast med aktivitetar og underhaldning for alle aldrar, og målgrupper. – Mantraet er at ‘’Alle har ei Heimebane’’, og det skal vi innfri. avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS