Smitten aukar i Ålesund kommune

Ålesund kommune er førebudde på at sjukefråvær vil tvinge kommune til å prioritere og redusere tilbodet. Slik påverkar dette deg som innbyggar.

Publisert Sist oppdatert

For 7. til 13. februar vart det registrert totalt 3571 smittetilfelle. Ein auke i tal smitta på 85 prosent sidan førre rapporteringsveke.

Kommuneoverlegen fortel at vi ennå ikkje har nådd toppen (utflating av smitte) i Ålesund.

-Vi ser at smittetala framover vil vere plaga av store mørketal, spesielt etter dei nasjonale endringane som kom laurdag. No er det viktig for samfunnet at vi likevel held fram med å vere heime om vi sjuke, også barn med symptom bør vere heime til dei er friske og feberfri minst 24 timar, før dei går tilbake til skule eller barnehage. Dei treng ikkje teste seg. No gjeld altså vanleg sunn fornuft, seier kommuneoverlege Alexander Wiig.

Slik vil helsetenestene prioritere ved sjukefråvær

I helsetenestene er det no aukande sjukefråvær, noko som utfordrar drifta av tenestene. Vi har førebudd oss, og som ein del av kontinuitetsplanlegginga vil vi kunne nytte personell på tvers av tenestene. Enkelte oppgåver kan verte nedprioritert i ein kortare periode grunna bemanningsutfordringar, men ein skal uansett ha forsvarlege tenester til innbyggarane.

-Desse vurderingane gjerast lokalt i den enkelte verksemd, legg assisterande kommunalsjef, Torfinn Vingen, til.

Slik vil barnehage og skulane prioritere ved sjukefråvær

Det vil også bli prioriteringar innanfor oppvekst, der målsettinga vil vere å gje eit alternativt, men likevel tilfredsstillande og helst likestilt tilbod.

Vi har laga ei eiga rutine som er sendt ut til verksemdene for korleis dei skal prioritere, fortel assisterande kommunalsjef Hilde Sørdal.  

I rekkefølge:

  • Slå saman grupper/avdelingar/klasser/årstrinn/hovudtrinn.
  • Oppmodeføresette som kan hente barna tidlegare i barnehage/SFO, om å gjere
  • Avkorte/ta bort tilbod om spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning.
  • Innføre kortareopningstid i barnehage/SFO.
  • Gje grupper/klasser/årstrinntilbod om heimeundervisning deler av eller heile skuledagen.

Ein konsekvens av høgt sjukefråvær, når alle andre tiltak er sett i verk og det ikkje er personell å sette inn, kan verte å stenge avdelingar, barnehagar og skular.

Barn og elevar med føresette i samfunnskritiske funksjonar og barn og unge med særskilte omsorgsbehov, skal likevel ha eit tilbod i barnehagen, på skulen og SFO. Informasjon får føresette frå sin barnehage og skule.

Powered by Labrador CMS