Større utbrot av influensa A i Ålesund
Det er bekrefta eit kraftig smitteutbrot i Ålesund av influensa A. Dette er det største utbrotet i Norge sidan før pandemien.
Utbrotet har ramma skuleelevar i ungdomsskulealder og har utspring i sosialt arrangement.
– Influensasmitte var venta, men det store utbrotet og den raske smittespreiinga var overraskande, seier kommuneoverlege Alexander Wiig i en pressemelding.
Influensa type A har hos dei smitta gitt eit temmeleg kraftig symptombilde, med høg feber, muskelverk, hodepine, nedsett allmenntilstand, oppkast og diaré.
– Vi må unngå å få ein ukontrollert smitte av influensa i befolkninga. Det er ein svært uheldig kombinasjon om også mange blir smitta av influensa, nå som det er så mange som er smitta av korona, seier kommuneoverlegen.
Bruk sunn fornuft – vær heime ved symptom
Å «teste seg fri» med negativ koronatest når ein har luftvegssymptom er no ekstra risikabelt når influensabølgja er over oss.
Heimetester for koronavirus vil ikkje påvise influensa.
– Kommunen oppfordrar alle med influensaliknande symptom til å halda seg heime til ein er frisk. Det er vanskeleg å skilje på symptoma mellom desse to.
Som følgje av at det er 3 år sidan førre influensabølgje er det låg generell befolkningsimmunitet mot influensa.Derfor vil konsekvensane kunna bli ein meir omfattande og raskare influensasmitte enn i eit normalår. I tillegg vil den enkelte òg kunne oppleve kraftigare sjukdom.
For langt dei fleste vil influensa vera ein sjukdom som går over av seg sjølv etter ei vekes tid.