UP-sjef kan bli kommunedirektør i Ålesund
Jon Steven Hasseldal er foreslått som ny kommunedirektør
Rekrutteringsutvalet i Ålesund kommune foreslår til formannskapet og kommunestyret at Jon Steven Hasseldal blir ny kommunedirektør for Ålesund kommune. Endeleg vedtak blir gjort i dei politiske møta som skjer 24. juni.Orienteringane i dei politiske møta er unntatt offentlegheit, men sjølve behandlinga av saka kan ein følgje via Kommune-TV.
Det var seks personar som søkte på stillinga, og tre namn er offentlege:
- Bente Glomset Vikhagen, assisterande kommunedirektør
- Rune Hovde, sjølstendig konsulent
- Jon Steven Hasseldal, sjef utrykningspolitiet
Det er tre namn som er unnateke offentlegheit, og to av desse søkarane har trekt sin søknad undervegs i prosessen. Eit samstemt rekrutteringsutval tilrår til formannskapet at Jon Steven Hasseldal er den beste kandidaten som ny kommunedirektør for Ålesund kommune. Jon Steven Hasseldal er 51 år, bur på Kolbjørnsvik og er sjef for utrykningspolitiet.
Bakgrunn:
Noverande kommunedirektør Astrid Eidsvik blir pensjonist frå 1. juli. Rekrutteringsutvalet har sidan mars 2021 arbeidd med utlysing og rekruttering. I rekrutteringstvalet sit ordførar Eva Vinje Aurdal, varaordførar Vebjørn Krogsæter, Dag Olav Tennfjord (H) og Wenche Gausnes Aasen (FrP). I tillegg er hovudtillitsvald Jann Ove Ertresvåg med, og stabssjef for personal og organisasjon Roar Reiten. Rekrutteringsbyrået Headvisor AS har bistått kommunen i prosessen.