Meninger •
Frå busskamp til stolt russemamma
Eg var ei av dei som kjempa mot russebussane til årets kull. Det var timar med forhandlingar heime, på god veg til meir enn ein krangel.
Guten stod på sitt, var villig til å bruke all si tid og energi på å skaffe nok pengar for å få realisert målet.
Til slutt resignerte eg, kjende på fortviling over at han «berre måtte». Eg synest det var ufornuftig og vekkasta. Argument som «Tenk på kva anna du kan bruke pengane på?» vart lagt til side.
Så kom forsida i Sunnmørsposten om pengebruken på russetida. Kr 2 mill. stod det i artikkelen. Full fyr rundt middagsbordet – igjen.
Meir enn berre ein buss
Men gjengen på bussen har stått stødig i lag. Dei har både overraska og imponert meg stort. Med innsats, samhald, kreativitet og alt med ein god dose humor.
Ja, det er mykje fant, fjas og fest – men i møte med meg er dei høflege, veltalte og skikkeleg kjekke gutar – snart menn.
Som dei sa det sjølv: «Vi er rett og slett ikke en buss, men en kompisgjeng». (Sitat Nordal – godt sagt.)
Oppturar og nedturar
Vi merka euforien då bussen kom til byen, det store fallet då skilta vart tekne av – og no ny jubel og glede. Det blir skilt på bussen – det blir rulling!
Ei ekstra takk og helsing til politi og Statens vegvesen som har teke gjengen på alvor, og lagt til rette for at dei skal få komme seg trygt til Tryvann. Imponerande!
Ei stolt russebuss-mamma
Eg tek av meg hatten, bøyer meg i støvet og gir full honnør til gutta på Fieldfare! For ein gjeng!
Trur nokre av dokke kan ta med på CV-en både prosjektstyring, rekneskap (framførbart underskot....?!), PR-/mediekontakt, koordinering og ein og annan HR-sjef.
Eg kjenner eg er ei stolt russebuss-mamma, kven skulle tru?
God tur – god rulling.
Ta vare på kvarandre, nyt russetida og kom trygt heim.