Kun 12 menn har gått på Månen, og ein av dei har og satt sine fotspor i Eiksund. Reisa til Jack Harrison Schmitt byrja nemleg i den vesle Sunnmørsbygda. Rykta seier at han gikk der på ski for å øve seg på vektlausheit, men sannheita er at han studerte geologi og skreiv doktorgrada si om eklogit. Ein sjeldan bergtype som finst mykje av på Sunnmøre. Tilfeldigheitane skulle ha det til at Schmitt enda opp med å bu med tanta til Jan Ove Blindheim. Den no godt vaksne mannen minnast sumerane saman med Jack med stjerner i augo.