1-meteren tilbake i Ålesund
Kriseleiinga har frå onsdag 10. november bestemt at rådet om 1-meteren må i bruk igjen i Ålesund. – Smittetrykket er aukande og alle må no gjere ein ekstra innsats, følg smittevernråda og hald 1 meter avstand til andre der det er mogleg, seier kommuneoverlegen.
– Vi lev i et opna samfunn, og det er ei lette å endeleg få treffast på arbeidsplassar, kultur- og idrettsarrangement, utestadar og andre samlingspunkt. Dette skal vi få fortsette å gjere, og det gjer oss godt. Men no står vi i nok ein gong i ei kraftig auke av koronasmitte, og fleire av oss hostar og harkar oss inn i førjulstida med forkjøling.
Tysdag 9. november fekk kommunen bekrefta 34 nye smittetilfelle. Auka i tal på smittetilfelle med korona bekymrar kommunen som no kjem med lokale råd til innbyggarane.
– Situasjonen er annleis no enn ved tidlegare utbrot. Mange er vaksinert og såleis verna mot alvorleg sjukdom. Heldigvis er det få barn og fullvaksinerte vaksne som blir særleg sjuke av korona, og det er desse gruppene som utgjer størsteparten av dei som no er smitta. Desse nye råda om igjen å halde avstand kjem i tillegg til dei grunnleggande råda vi har frå før: Hugs å halde deg heime om du er sjuk, og ta ein test. Hald hendene reine og vaksiner deg! seier kommuneoverlege Eirin Steinsvik, i ei pressemelding.