– No må vi ut å kjøpe kake!
Skodje firmaet Exotek stakk i dag av med sigeren som »Årets Næringsteft» frå Sparebanken Møre.
Sigurd Groven har visst om sigeren i Næringsteft sidan mandag, men seier han har klart å halde det hemmeleg for resten av teamet, – Vi såg utdelinga saman på Teams, og det blei mykje jubelrop latter og smil.
Premien er ein million kroner, og kjem godt med no når Groven og resten av teamet skal ferdigstille fyrste prototype, og å få testa den. – Vi må passe på at produktet er driftssikkert, så vi skal ut sjølv å gi prototypen juling for å sjå kva den er god for, seier ein entusiastisk Groven på telefon.
Pengane vil og gi muligheit for Groven og partner Mattias Storvestre til å satse på jobben vidare i 100% stilling.
Ideen til Exotek blei til etter at Groven blei lam. Han var ivrig sykkelentusiast, men etter ei stygg ulykke i 2015 blei livet brått snudd på hovudet.
Sykkelen han fekk tak i etter ulykka holdt rett og slett ikkje mål. Då han møtte med-gründer Mattias Storvestre fekk han sjå den ombygde sykkelen til kona, som og er lam. Groven spurte då Storvestre om å byggje om has eigen modell, og der i frå byrja praten om eige firma.
Sjå innslaget vi gjorde med Sigurd Groven då dei vart presentert som semifinalist under.