Risikopasientar får SMS
Ålesund kommune får 2 340 vaksinedosar i veke 18. Måndag 26. april vart nye timar lagt ut for bestilling på kommunen si nettside. Kommunen er no i i gang med å vaksinere i prioriteringsgruppe 5-6-7.
Dette er innbyggarar med ulike risikotilstandar for alvorleg sjukdom dersom dei blir smitta av koronavirus.
-Vaksineringa er no inne i ei ny fase der ein tilbyr vaksine til dei med risikotilstandar. Dette gjeld personar frå 18 år til 64 år. Fastlegane har levert liste over dei som skal bli tilbydd vaksine, og Ålesund kommune sender ut invitasjon for bestilling på SMS til alle aktuelle, seier vaksineansvarleg i Ålesund, Anne Berte Hareide i en pressemeling fra kommunen.
-Det er viktig å understreke at vi berre sender ut ein invitasjon, og at denne gjeld for bestilling påfølgande veke. Derfor er det viktig at alle bestiller seg time så raskt som mogleg, seier Hareide.
Dersom nokon får SMS, men ikkje kan møte til vaksinering neste veke, så må dei sende e-post. E-postadressa er: massevaksinering@alesund.kommune.no Hugs namn, telefonnummer og fødselsnummer. SMS èn som vert sendt ut, har lenke til helseboka. Dei som ynskjer vaksinen må sjølv gå inn å bestille time!
Status for vaksinering:
- Kommunen fortsett å vaksinere dei siste i aldersgruppa over 65 år.
- Allereie i veke 19 kan dei fleste i prioriteringsgruppe 5-6-7 vere vaksinert, og kommunen vil då tilby vaksine til neste prioriteringsgruppe.
- Av dei 2 340 dosane i veke 18 går 1 470 til massevaksinasjon i Ålesund og Skodje.
- Resten går til legekontora.
- Dei fleste av desse dosane går til dose nummer to.
Påmelding vaksinering i Skodje- Helseboka
Påmelding vaksinering i Ålesund- Helseboka