Vidarefører påbod om munnbind
Kommunane Ålesund og Sula bestemt å vidareføre den lokale forskrifta ei veke til, fram til den 13. september kl. 24.00.
Kort fortalt er det same innhald som tidlegare meldt:
- Det er påbod om bruk av munnbind der ein ikkje kan halde minst 1 meter avstand.
- Auka krav ved besøk på serveringsstader
- Tiltaksnivået i skole og barnehage vil vere på gult nivå fram til 13. september kl. 24.00.
- Rådet om berre å samle 10 personar på besøk heime står framleis.
Dei siste vekene har smittetala i Ålesund vore høge med over 120 smittetilfelle på ei veke. Dette er dei høgaste smittetala under pandemien og det har utfordra smittesporingskapasiteten, opplyser Ålesund kommune.
–Smittesporingsarbeidet er strukket så langt som mogleg, og det er mange som vil teste seg. Førre veke vart over 3 000 personar testa. Teststasjonen har hatt testing gjennom heile helga. Det er utfordrande å etablere test i staden for karantene i barnehagar og skolar, og inntil eit godt system er på plass vil nokre framleis får karantene, seier kommuneoverlege Olav Mestad.
Smitta i Ålesund kommune har dei siste vekene vore relatert til NTNU, sosiale samlingar, videregåande skolar, barnehagar og til industriarbeidsplassar. Det er framleis noko smitte frå innreisekarantene, etter reise innanlands og blant dei som ikkje er vaksinert:
–Vår største bekymring er at smittetrykket er større enn nokon gang, men folk si vilje til å følgje smittevernreglane er mindre enn før. Vi merker ein slitasje i befolkninga, men det er viktig at alle gjer sitt. Bruk munnbind, vaksiner deg, test deg, seier varaordførar Vebjørn Krogsæter.
Framover vil du bli varsla via SMS om du er nærkontakt!
Smittesporingsteamet vil framover sende ut SMS og ikkje ringe personleg til alle nærkontaktar til dei med påvist smitte. Dette er fordi smittesporingsarbeidet er svært krevjande og det er mange nærkontaktar. Vi vil samarbeide med til dømes arbeidsgivarar, idrettslag, skolar og barehagar om utsending av SMS. Det er viktig at alle følger reglane og råda som blir gitt i SMS én.
– Vi vil oppmode alle over 16 år om å laste ned appen Smittestopp. Her kan ein sjølv gi beskjed om ein er smitta og appen kan bidra til å varsle aktuelle personar som har appen, seier ansvarleg for smittesporinga, Line Volstad Melbye.
Påbod om munnbind
Ålesund kommune vidarefører påbod om bruk av munnbind der ein ikkje kan halde minst 1 meter avstand. Vi oppmodar alle tilsette i serveringsbransjen om å bruke munnbind.
Auka krav ved besøk på serveringsstader
Ålesund kommune vil intensivere smittekontrollar på serveringsstader. I tillegg er det påbod om desse tiltaka i forskrifta: (same som tidlegare)
- Skjenkestadar, restauranter, kafeer og kantiner skal kreve at gjestar legitimerer og registrerer seg. Gjestar som ikkje registrerer seg, skal avvisast.
- Smittevernet skal ivaretakast, gjestar som ikkje bur saman skal halde minst 1 meter avstand.
- Gjestar og tilsette skal bruke munnbind/ansiktsmaske når dei beveger seg i lokalet og det er fare for at avstandskravet på ein meter ikkje kan overhaldast.
I tillegg til forskrifta, gjeld desse råda:
- Maks 10 personar på besøk heime og private sosiale lag, unntak for vaksinerte.
- Reduser tal på nærkontaktar.
- Heimekontor der det er mogeleg og ein er avhengig av kollektivtrafikk.
- Last ned Smittestopp appen!
Oppmoding til alle!
-Test deg. Alle med symptom, har vore ute og reist eller vore ein situasjon med risiko smitte må teste seg. Har du symptom og er vaksinert må du også halde deg heime og teste deg. Last ned smittestopp appen, den kan hjelpe oss i varslinga, seier kommuneoverlege Olav Mestad.
Kven gjeld forskrifta for?
Forskrifta gjeld alle som oppheld seg i Ålesund og Sula kommune. Den blir vidareført og gjeld fram til 13. september kl. 24.00.
Førebels forskrift om tiltak for å førebygge koronasmitte (covid-19), Ålesund kommune, Møre og Romsdal
§ 1. FormålHeimel: Fastsett av kriseleiinga i Ålesund kommune 23. august 2021 med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1 i samsvar med krisefullmakt frå Ålesund kommunestyre til kriseleiinga i sak 57/19.
Formålet med forskrifta er å hindre eller avgrense spreiing av SARS-CoV-2 i ein periode med sterk auke i smittetal og spreiing av mutant virusvariant i lokalsamfunnet.
§ 2. Virkeområde
Forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Ålesund kommune.
§ 3. Forhold til anna lovverk
Reguleringa i dette vedtaket kjem i tillegg til dei reguleringar som følge av lov, nasjonale forskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte. Ved motstrid mellom denne forskrift og nasjonalt regelverk, går forskrifta framfor fråvikelege reglar i lov og nasjonal forskrift.
§ 4. Krav til smittevernfaglig forsvarleg drift ved serveringsstader
Serveringsstader, som restaurant, kafe, bar og pub, og utestader, som diskotek, nattklubb og andre stader der gjestar skal innta mat eller drikke på staden skal det leggast til rette slik at gjestar kan følgje smittevernråd. Det skal vere minst ein meter mellom gjestar som ikkje er fra same husstand og det skal vere lett tilgjengeleg handdesinfeksjonsmiddel i lokalet.
Desse stadene skal krevje at gjestar legitimerer seg. Gjestar som ikkje legitimerer seg, skal avvisast.
Desse stadene skal føre oversikt over gjestar. Namn og telefonnummer skal registrerast saman med tidspunkt og dato for besøket. Gjestar skal informerast om at det blir ført ei slik oversikt. Lista skal oppbevarast i tråd med krav til personvern, og skal slettast etter fjorten dagar.
Kontaktopplysningane skal berre brukast for å bistå kommunen ved ei eventuell seinare smitteoppsporing etter smittevernloven § 3-6. Liste over gjestar skal på førespurnad frå smittevernkontoret bli oversendt i tekstformat, anten i ODF eller OOXML-format, i tråd med forskrift om IT-standarder i offentlig forvaltning.
Gjestar og tilsette skal bruke munnbind/ansiktsmaske når dei beveger seg i lokalet og det er fare for at kravet om ein meter avstand ikkje kan gjennomførast. Kravet gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsakar ikkje kan bruke munnbind.
§ 5. Plikt til å bruke munnbind
Når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmar, skal det brukast munnbind i butikkar, i fellesareal på kjøpesenter, på serveringsstader, i trus- og livssynshus, på kollektivtransport og innandørs stasjonsområde, og i lokale for kultur-, sports- og fritidsaktivitetar.
Passasjerar skal bruke munnbind i taxi. Munnbindet skal takast på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikt til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien.
Plikta til å bruke munnbind i første ledd gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand frå besøkande. Dette gjeld ikkje tilsette på stader der det er sett i verk andre tiltak mot smitte for dei tilsette som bruk av visir, skiljeveggar o.l. i samsvar med Folkehelseinstituttets tilrådingar.
Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsakar ikkje kan bruke munnbind.
§ 6. Ansvar
Ålesund kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagde tiltak.
§ 7. Straff
Forsettleg eller grovt aktlaus brot på reglane i denne forskrifta, straffast med bøter eller fengsel inntil 6 månader jf. smittevernloven § 8-1.
§ 8. Ikraftsetjing
Forskrifta trer i kraft 23. august 2021 kl. 24.00, og gjeld fram til 13. september 2021 kl. 24.00.