meninger
Borgundfjordtunnelen: Realistisk eller ein draum?
Diskusjonen om Borgundfjordtunnelen fortsetter, men alternative løsninger som flytebru vurderes også.
Kor realistisk er Borgundfjordtunnelen, spør Sulaposten etter at det nyleg har vore halde eit fellesmøte arrangert av Bytunnelen AS, der Ålesund og Sula kommune, Statens vegvesen og ulike sentrale politikarar deltok.
Slike møte har det etter kvart blitt fleire av dei siste 20 åra. Borgundfjordtunnelen har vore det einaste alternativet for kryssing av Borgundfjorden. Ifølgje Sulaposten er tunnelen ikkje noko nærare realisering i dag enn tidlegare.
Alternative løysingar har vore vurderte
Store samferdselsprosjekt har oftast alternative løysingar ut frå arealbruk, tekniske løysingar og økonomi.
Ved forprosjektet for kryssing av Sulafjorden (Hareid–Sulesund) var flytebru eitt av dei seriøse alternativa. Den gongen uttalte direktør Geir Mo i Norges Lastebileierforbund følgjande:
Undersjøiske tunnelar er dødsfeller. Det er ofte rein flaks og dyktige redningsmannskap som avverjar katastrofar. Køyring med tunge køyretøy i slike tunnelar er risikosport på grunn av varmgang i bremsar og motor.
Eit alternativ med flytebru
I februar 2018 hadde eg eit innlegg (om lag sju år sidan) i Sunnmørsposten, Sulaposten og Mitt i Uka som viste ei løysing med flytebru over Borgundfjorden.
Vedlagt kart viser mi alternative vegløysing frå Mauseidvåg til Gåseid. Vegløysinga tek utgangspunkt i eksisterande vegnett, med luftbru frå om lag Hammerneset over Kavlesundet med seglingshøgd som for Vegsundbrua, med landfeste vest på Humla. Vidare med flytebru til Ytre Halten på Gåseidsida, som blir avslutta med kabelbru for båttrafikken til Spjelkavik (jamfør vedlagde bilete).
Mitt forslag omfattar altså ikkje berre sjølve fjordkryssinga, men òg korleis tilførselsvegnettet kan og skal løysast for å sikre mellom anna sjøtrafikken.
Finansiering og NTP
Vegsundbrua er ein ømtåleg flaskehals, og Sula er eit knutepunkt med stor trafikk frå tilstøytande regionar. Difor er dette eit prosjekt som må kunne finansierast gjennom Nasjonal transportplan (NTP).
Her er mange samferdselsprosjekt som har langt mindre samfunnsøkonomisk grunnlag, som likevel har blitt gjennomførte og finansierte gjennom NTP.
Hans Petter Kåresen meiner at Borgundfjordtunnelen ikkje er avhengig av NTP, då han skal finansierast av bompengar. Vegdirektoratet har retningslinjer for slik finansiering, som føreset godkjenning av Stortinget. Då det er gjennom NTP Stortinget prioriterer samferdselsprosjekt, kjem ein følgjeleg ikkje utanom prioritering gjennom NTP.
Difor kan dette vere eit feilspor i dobbel tyding, og følgjeleg god grunn for Sulaposten å stille dette spørsmålet.
Behov for politisk forankring
På møtet vart det understreka av representanten frå Statens vegvesen at prosjektet måtte ha ei politisk forankring.
Det vart valt ei politisk gruppe med slik forankring for vidare oppfølging. Slike prosjekt skal i hovudsak avklare arealbruk, tekniske løysingar og økonomi på dagens prisnivå. Det er då vanleg å starte med eit forprosjekt som kan avklare kva løysing som er realiserbar.
Tekniske vurderingar
Mitt forslag er omfattande, særleg økonomisk. Teknisk og arealmessig er det ingen store problem.
For flyte- og kabelbrudelen bør ein vurdere bruk av karbonfiber i staden for stålkonstruksjon, grunna vekt, korrosjon/rustproblem og vedlikehaldskostnader. Delareal kan då bli prioriterte i NTP.
Ei oppmoding til slutt
Håper at denne gruppa no startar med arbeidet, og ikkje berre går kvar til sitt og er nøgde med at ein har gjort ein god jobb.